Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 1/2013

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om glimrande gran på Nordvestlandet.

Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om glimrande gran på Nordvestlandet.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av flere departementer utfører fylkesmannen en rekke forvaltningsoppgaver ovenfor kommuner og enkeltpersoner og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.

Glimrande gran på Nordvestlandet

Grana på Nordvestlandet har svært gode eigenskapar, betre enn grana på Østlandet og i Trøndelag. Dette viser ein råvareanalyse for områda nord for Sognefjorden til og med Møre og Romsdal fylke.

Prosjektet Tredrivaren i Møre og Romsdal har i samarbeid med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane utført ein råvareanalyse for gran i områda nord for Sognefjorden til og med Møre og Romsdal fylke. Arbeidet er utført av Silvinova AS og Silvi Forum AS. Analysen har sett nærare på dei ulike virkeskvalitetane og foreslått produkt som grana er eigna til. Resultata viser at grana har gode virkeseigenskapar og eit stort bruksområde. Den har god styrke, gode fibereigenskaper, høg mengde friskkvist, mindre kvistdiameter, lang kvistkransavstand, god stammeform, og omtrent ingen kvaelommer og rotråte.

På Nordvestlandet ble store areal tilplanta med gran på 1950 – og 60 talet. Denne skogen begynner no å bli hogstmoden. Vekstforholda er gode og fleire bestand i analysen har ein volummasse på over 70 fm3 dekar. Råvareanalysen er eit viktig grunnlagsdokument for å etablere strategiar for kva grana skal nyttast til. Skal den eksporterast ut av regionen, eller skal deler av volumet foredlast internt?

Analysen er finansiert av Innovasjon Norge og Fylkesmannsembeta i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Skogsdrift i Molde 65 m3 per daa.
Skogsdrift i Molde 65 m3 per daa. (Foto: Ivar Egil Gjøra, Fylkesmannen i Møre og Romsdal)
 

Alveld – er vi nær eit gjennombrot?

Altfor mange lam går tapt på utmarksbeite, og næringa lever under stort press. I tillegg til rovdyra, gjer sjukdom stor skade. I Møre og Romsdal har beitesjukdomar på sau hatt stor oppmerksomheit gjennom mange år. Urimeleg høge tapstall er naturlegvis et driftsøkonomisk problem, men det er også utfordrande i eit dyreetisk perspektiv. Store dødstal på grunn av sjukdom betyr også store lidelsar for altfor mange beitedyr.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal og i Sogn og Fjordane har hatt fokus på alveld i meir enn 10 år, og arbeidet har vore retta mot å kartlegge årsakene til sjukdomen. Tradisjonelt har sjukdomen vore knytt til romeplanten, men mange erfaringar indikerte at rome i alle fall ikkje kunne vere einaste årsak. Forskar Ivar Mysterud ved Universitetet i Oslo har lagt ned ein stor innsats gjennom mange år, og viktige bitar i puslespelet har kome på plass. Funna den siste tida har gitt ny optimisme. Etter mange år med fleire spørsmål enn svar, har næringa fått trua på at problemet kan løysast, og at sjukdomen snart kan handterast. Står vi overfor eit gjennombrot?

Kunnskapsstatus er at alveld blir utløyst av giftstoff som svekker leverfunksjonen. Dette fører i sin tur til at lysfølsame stoff kjem over i blodet og reagerer med sollys. Det blir danna reaktivt oksygen, som igjen er årsak til hudskader, blindheit, redusert tilvekst eller død. Vilkåra for at dyra kan få alveld er beiting av rome, og inntak av blågrønalgar som er å finne i ein biofilm rundt plantar på fuktige lokalitetar.

Når mekanismane og aktive komponentar nå synes klarlagt, er neste skritt å finne effektive mottiltak. Kan vi utvikle medikament som kan hindre reduksjon av leverfunksjonar, eller kanskje felle giftstoffa i nettmagen? Kan vi finne teknikkar for å plassere medikamentet i fordøyelseskanalen, slik at det er effektivt i den perioden dyret er særleg eksponert for giftstoffa?

Løysinga på alveldgåta har aldri vore nærmare enn no, men det står att mykje viktig arbeid før vi er i mål. Institutt for biovitenskap ved UiO koordinerar ein søknad om forskingsmidlar der desse spørsmåla er mellom utfordringane som skal løysast.

Alveldsau
Alveldsau (Foto: Ivar Mysterud)
 

Lokal matkultur og samarbeid som suksesskriterie for auka verdiskaping 

I samband med Den Norske Matfestivalen er det etablert ein tradisjon for å arrangere ein eigen konferanse om mat og reiseliv. Bakgrunnen for dette er at eigarane av festivalen vil ha meir fokus på lokal mat og matkultur som ein viktig del av reiselivstilbodet. 

Klippfiskakademiet som no nettopp har vore gjennom sitt første driftsår med matkulturformidling, er førebels det mest synlege resultatet av mat- og reiselivskonferansane i regi av Den Norske Matfestivalen. I spesialbygde lokale ut mot havet på Tueneset i Ålesund formidlar dei matkunnskap, matkultur og matglede til både utanlandske forretningsfolk, hobbykokkar og barnehageborn. 

"Kortreist mat på fleire fat"
Gjennom desse konferansane prøver vi å samle forskarar, produsentar, kokkar, politikarar og beslutningstakarar innan fisk, landbruk, foredling, reiseliv og kultur. I botnen for konferansen 2012 låg eit forskingsprosjekt utført av Møreforsking. "Kortreist mat på fleire fat". Eitt av hovedfunna i undersøkinga er at mykje av produktutviklinga innan småskala matforedling, skjer i møtet mellom kjøkkensjef og produsent.

Det er framleis ein veg å gå før lokale matspesialitetar blir ei næring som kan bidra til vesentleg sysselsetjing innan landbruk og matforedling. Men mange gardsbruk i Møre og Romsdal har greid kunst-stykket å snu utfordringar med små kvoter, lave kjøtprisar og høge driftskostnader til bedriftseventyr med spanande produkt, gode arbeidsplassar og positiv botnlinje. Desse miljøa er det viktig å syne fram, både for å gje publisitet til dei som har satsa, og for å vise at det er mogeleg å skape moderne arbeidsmiljø "der ingen skulle tru at nokon kunne bu" (anna enn i helgane).

Næringsklynger i Verdsarvområde
I kommunene rundt Geirangerfjorden, har det utvikla seg ei samhandling mellom lokalprodusentar, kokkar og reiseliv som kan minne om næringsklyngene i maritim sektor. Det same har vi sett i kommunane ved Atlanterhavsvegen, der dei kom tidleg i gang med lokalmat-prosjekt. Prosjektet «Mat langs Nasjonale Turistvegar» har særleg medverka positivt til å få i gang slike klynger langs sine pilot-strekningar. Dette prosjektet vert presentert på årets matfestival i Ålesund i august.

Les meir på: 

Geitedåp

Geitedåp (Foto: Kirsti Indreeide)

Vann gründercamp med landbrukstema

Veka før påske arrangerte ungdomsskulane i Molde gründercamp for alle elevane på 9. trinn. Gjennom heile veka arbeidde elevane i grupper med ulike kreative oppdrag. På Bekkevoll ungdomsskole vart det kåra ein vinnar i kvar klasse. Tre av fire vinnarar hadde fått oppgåve frå fylkesmannen.

Gründercampen i Molde vart i år arrangert for sjette gong og er eit samarbeid mellom skule, næringsliv og offentlege institusjonar. Molde næringsforum koordinerer arbeidet.

Vinnaroppgåvene som var gitt av fylkesmannen var knytt til tema som lokal mat og PR for landbruksnæringa:

  • Lag ein "Moldedessert" basert på lokale råvarer
  • Innrei ein gardsbutikk i Hammervollstabburet på Romsdalsmuseet
  • Lag ein video som promoterer norskprodusert mat

Føremålet med gründercamp er at elevane skal bli kjende med lokalt arbeids- og næringsliv, og få kunnskap om ulike yrke og utdanningsløp.

Gründercamp er trening i problemløysing ved hjelp av kreativitet og nytenking. Elevene vert delte inn i grupper på 4 – 5 personer, og får eit oppdrag frå næringslivet eller ein offentleg arbeidsplass som dei skal jobbe med. Oppdraget skal vere realistisk.

Arrangementet går over ei veke. Elevene får utlevert oppdraget på måndag og må levere innan torsdag ettermiddag. Kvar arbeidsplass stiller med rettleiarar for å hjelpe elevane i å løyse oppdraget. Ein jury vurderer oppgåvene og kårer vinnarar frå kvar skule.

Vinnarane av Gründer Camp
Vinnarane av Gründer Camp (Foto: Synnøve Valle)
Til toppen