Historisk arkiv

Nytt kjemikalieregelverk i Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Frå og med 30.mai gjeld eit nytt omfattande kjemikalieregelverk i Noreg, det såkalla REACH-regelverket. - Dette er eit framsteg både i Noreg og i Europa. Med REACH får industrien ansvaret for å vise at produkta deira er trygge, ein plikt dei til no ikkje har hatt, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

Frå og med 30. mai gjeld eit nytt og omfattande kjemikalieregelverk i Noreg, det såkalla REACH-regelverket.

- Dette er eit framsteg både i Noreg og i Europa. Med REACH får industrien ansvaret for å syne at produkta deira er trygge, ein plikt dei til no ikkje har hatt, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

Dei nye reglane vil gje betre vern av helse og miljø, særleg fordi det vil auke kunnskapen om farlege kjemikaliar. Næringslivet får ein konkret plikt til å dokumentera at deira kjemiske produkt er trygge for helse og miljø. Dette blir gjort gjennom ein registreringsordning. Bruk av dei farlegaste kjemikaliane må bli godkjende på europeisk nivå. Eit nytt kjemikaliebyrå i Helsinki vil ha ein sentral rolle i gjennomføringa av REACH.

Kjemiske stoffer skal kunne evaluerast nærare av styresmaktene. Noreg tar sikte på å vere aktiv i dette arbeidet.

– Noreg skal gjere ein aktiv innsats under REACH, og arbeide for strengare regulering av miljøgifter og andre farlege kjemikaliar, seier Solheim.

Noreg arbeidde svært aktivt for å få eit så ambisiøst kjemikalieregelverk som mogleg. Det har også vore mykje merksamd om REACH utanfor Europa, fordi EU er verdas største produsent av kjemikaliar.

– Det nye kjemikalieregelverket i EU set ein standard som resten av verda må halde seg til. Difor medverker dette til betre kjemikalieforvaltning også i resten av verda, seier miljø- og utviklingsministeren.

 Statens forureiningstilsyn er ansvarleg styresmakt for REACH-regelverket, sjå SFT sine nettsider.