Historisk arkiv

Human og sikker jakt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Miljøverndepartementet sender i desse dagar på høyring eit forslag til endringar i viltlova og naturmangfoldlova. Formålet er ei sikrare og meir human jakt. Høyringsfristen er 3. desember 2012.

Miljøverndepartementet sender i desse dagar på høyring eit forslag til endringar i viltlova og naturmangfoldlova. Formålet er ei sikrare og meir human jakt. Høyringsfristen er 3. desember 2012.

-Jakt og fangst, der ein haustar av overskotet som produserast, er ein viktig og tradisjonsrik del av friluftslivet i Noreg. Det er viktig at jakt og fangst utøvast på ein sikker og human måte, og at ein unngår unødig liding for viltet. Eg ønskjer difor å gjennomføre enkelte endringar i viltlova som kan bidra til dette formålet. Av omsyn til dyrevelferd ønskjer eg også eit forbod mot unødig jaging av vilt i naturmangfaldlova, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

Lovendringsforslaga som no vert sende på alminneleg høyring opnar for bruk av kunstig lys ved ettersøk av påskoten hjortevilt, og ved avliving av vilt som er fanga levande. Vidare vert det foreslått ei oppmjuking av dagens reglar om bruk av kunstig lys under åtejakt på raudrev. Det vert også foreslått at departementet kan gi forskrift som tillet bruk av kunstig lys under åtejakt på andre arter. I tillegg inneheld høyringsbrevet eit forslag som opnar for bruk av motorbåt ved ettersøk av påskoten sjøfugl.

Forslaga er ei oppfølging av ei arbeidsgruppeinnstilling som tidlegare er overlevert Direktoratet for naturforvaltning. Eit spørsmål har vore om ei lovendring om bruk av kunstig lys ved ettersøk av påskoten hjortevilt bør kombinerast med ein regel om når på døgnet jakt på hjortevilt kan skje. Spørsmålet har bydd på tvil, men departementet har kome til at det ikkje ligg føre tilstrekkeleg grunnlag for å innføre ei slik regulering. Det er derfor ikkje noko forslag om dette i høyringsbrevet.

Høyringsbrevet inneheld også eit forslag om at det skal takast inn eit forbod i naturmangfoldlova mot unødig jaging av viltlevende dyr. Eit forbod mot jaging fanst tidlegare i viltlova, men fall bort ved ein feil da naturmangfoldlova blei vedteken.

Endeleg vert det foreslått enkelte lovendringar av meir teknisk karakter, som har til formål å klargjere rettstilstanden.

Endringer i naturmangfoldloven og viltloven mv. (Høring)