Historisk arkiv

Statsrådar fekk innspel om verdiskaping i nord

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Politikarar frå fire departement fekk innspel om framtidig verdiskaping i nord på ein konferanse i Svolvær mandag. Konferansen er ei oppfølging av forvaltingsplanen for Barentshavet - Lofoten frå 2011.

Politikarar frå fire departement  fekk innspel om framtidig verdiskaping i nord på ein konferanse i Svolvær mandag. Konferansen er ei oppfølging av forvaltingsplanen for Barentshavet - Lofoten frå 2011.

- Heilskap er det viktigaste grepet i forvaltingsplanen, og vi må ikkje miste heilskapen av syne i ein serie einskildvedtak. Ein økologisk ansvarleg politikk er like viktig som ein økonomisk ansvarleg politikk, sa miljøvernminister Bård Vegar Solhjell i si innleiing på konferansen.

Solhjell la vekt på at naturen er det viktigaste grunnlaget for næringsverksemd og verdiskaping. Forvaltingsplanen handlar om langsiktig bruk av naturen.

-For oss som ser for oss eit oljefritt Lofoten i framtida er det sjølvsagt viktig å ta for seg framtidig verdiskaping i andre næringar, men det gjeld også for dei som ønskjer seg oljeutvinning. Vi lever ikkje av olja aleine. Naturen er den viktigaste næringsvegen, og det gjeld både ikkje-fornybare ressursar som olje og gass, fornybare ressursar som fisk og nye måtar å bruke naturen på som til dømes utvikling av legemiddel, sa han.

Fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen, næringsminister Trond Giske og kommunalminister Liv Signe Navarsete deltok også på konferansen, først og fremst for å lytte og lære.

Innspelskonferansen samla 200 deltakarer frå mellom anna reiselivet, fiskerinæringa, forskningsmiljøa, organisasjonane og politikken.

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell i Svolvær (Foto: Tone Hertzberg)

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell i Svolvær (Foto: Tone Hertzberg)