Historisk arkiv

Vi må satse meir på byane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

-Veksten i byane er ein av dei største miljøpolitiske utfordringane vi har. Kampen om areala kjem til å bli enda hardare. Difor må vi utforme ein framtidsretta bypolitikk. Vi må byggje høgt, smart og sunt. Folk treng gode bustader samstundes som vi tek vare på marka og dei grøne lungene, sa miljøvernminister Bård Vegar Solhjell i samband med det politiske toppmøtet i Framtidens byer.

-Veksten i byane er ein av dei største miljøpolitiske utfordringane vi har. Kampen om areala kjem til å bli enda hardare. Difor må vi utforme ein framtidsretta bypolitikk. Vi må byggje høgt, smart og sunt. Folk treng gode bustader samstundes som vi tek vare på marka og dei grøne lungene, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell i samband med det politiske toppmøtet i Framtidens byer.

- Vi må leggje til rette for auka bruk av kollektivtransport så ikkje byane kvelast av trafikk og forureining. Kjenneteiknet ved ein levande by er mangfald, handel, kultur og anna aktivitet. Då må vi unngå bilbaserte kjøpesenter som legg sentrum aude.

Folkevekst og urbanisering er den største forandringa i det norske samfunnet i vår tid.
Det vil være 1 million fleire nordmenn i 2030. Berre sidan år 2000 har bybefolkninga auka med over en halv million eller 50 - 60 000 i året. Byane stod i denne perioden for hele befolkningsveksta i Noreg.

I dei 13 byane som utgjer Framtidens byer har befolkninga vekse med 30.000 kvart år dei siste fem åra – fra 2007 til 2011. No bur det om lag 1,8 millioner menneske her. Om vi rekner med dei omkringliggande kommunane, bur halvparten av landets befolkning i desse byregionane.

Ti bod for ein norsk bypolitikk

1) Du skal vere glad i byen og dyrke mangfaldet og kreativiteten som finnast der

2) Du skal ikkje misbruke moglegheiten til å byggje bustader på stader som egner seg til det

3) Du skal halde bukvaliteten heilag

4) Du skal hedre kollektivtrafikken så du kjem deg trygt og raskt fram og får leve lenge i landet

5) Du skal leggje til rette for miljøvenlege bilar

6) Du skal ikkje bryte markagrensa

7) Du skal ikkje lokke folk ut av sentrum

8) Du skal begjære ein by der det er lite skilnad på folk

9) Du skal ha flere samarbeidbeidspartnare

10) Du skal ikkje ha flere planar enn naudsynt – men du skal ha ein plan

Miljøvernministeren har etablert eit eksternt fagleg råd som skal bidra til å utvikle bypolitikken. Les mer om fagrådet for bypolitikk her.