Historisk arkiv

Nye reglar for motorferdsle i utmark

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Regjeringa foreslår endring i reglane for motorferdsle i utmark. Det blir ei avgrensa mogelegheit for fornøyelseskøyring med snøscooter i nokre kommunar, med reglar mot køyring i trua og verdifull natur. Det blir også auka mogelegheit til køyring i næringsverksemd.

Regjeringa foreslår endring i reglane for motorferdsle i utmark. Det blir ei avgrensa mogelegheit for fornøyelseskøyring med snøscooter i nokre kommunar, med reglar mot køyring i trua og verdifull natur. Det blir også auka mogelegheit til køyring i næringsverksemd.

Regjeringa opnar for at 40 kommunar skal kunne etablere løyper for fornøyelseskøyring med snøscooter i ei avgrensa periode frå 2014 til 2018. Dei kommunane som allereie har forsøk med slike løyper, inngår i dei 40.

Det blir også utvida mogelegheit til næringskøyring gjennom ei viss opning for køyring av turistar. Kommunar som grenser mot Finland og Sverige skal kunne etablere tilførselsløyper til løypenettet der. I kommunar i Troms og Finnmark der det allereie er lov med fornøyelseskøyring vil det bli enklare å knytte løypenett saman over kommunegrensene og auka høve til å køyre frå reiselivsanlegg til løypenettet.

–Vi har fått ei balansert løysing der vi tek omsyn til naturmangfald og friluftsliv samstundes som det blir større mogelegheit til fornøyelseskøyring. Kommunar som vil legge løyper, må gjennomføre konsekvensutgreiing om verknadene for friluftsliv og naturmangfald. Det blir forbod mot å legge løyper i enkelte område, til dømes verneområde, villreinområde, viktige friluftslivsområde og område som er særskilt viktige for enkelte fugle- og dyreartar. I tillegg vil vi ha ei omfattande og grundig evaluering av ordninga, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

Dei endelege rammene for ordninga er ikkje avklart, og Miljøverndepartementet vil kome attende med fleire detaljar.