Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2013

Omlegging av kulturminnefondet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Norsk kulturminnefond er det viktigaste verkemiddelet for å ta vare på verneverdige kulturminne. Difor vil Miljøverndepartementet halde ved lag aktivitetsnivået på tilskotsmidla. Basert på den forventa utviklinga i avkastinga var det naudsynt å finne ei teknisk løysing der løyvinga ikkje lenger var avhengig av renteutviklinga. I budsjettet for 2013 har fondet fått to millionar kroner meir til kulturminnetiltak samanlikna med 2012.

Fondet vart etablert for å skape eit meir fleksibelt supplement til dei tradisjonelle tilskotspostane på Riksantivarens budsjett, mellom anna for å fremme meir effektivt samarbeid mellom offentlege og private aktørar. Omlegginga no inneber inga endring i føremålet til fondet eller annan verkemåte. Som eit forvaltingsorgan med særskilte fullmakter vil Norsk kulturminnefond kunne ta vare på si særstilling og faglege fridom. Organiseringa med eit tverrfagleg og breitt samansett styre, med administrasjonen lagt til Røros, vil bli ført vidare.

Regjeringa har lagt om fondsordninga for Norsk kulturminnefond. Frå og med 2013 med eit budsjett på 61,44 millionar kroner, ei auke på to millionar kroner.

Bakgrunnen er utviklinga i rentemarknaden som har ført til eit kutt i fondets avkasting allereie i 2012. Med utgangspunkt i forventningar til rentemarknaden vart det anslått at den årlege avkastinga ville blitt redusert til i underkant av 30 millionar kroner innan 2018.

I tabellen under ser ein utviklinga i avkastinga i millionar kroner basert på ei renteutvikling påi underkant av 2% (tilsvarende siste fornyelse).

2013

55874

2014

50

2015

50

2016

48

2017

39

2018

30