Historisk arkiv

Opprettheld fredinga av Odda smelteverk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Miljøverndepartementet opprettheld fredinga til Riksantikvaren av delar av Odda smelteverk. Fredinga gjeld bygningar og konstruksjonar som syner hovudtrekka av trinna i produksjonen av karbid og cyanamid, frå mottak og transport av råstoff til det ferdige produktet.

Eg er glad for at vi tek vare på denne viktige nasjonale og internasjonale industrihistoria. Eg sett stor og pris på det sterke engasjementet i Odda i denne saka. Dei ynskjer å sikre viktige kulturminne og legge til rette for ny bruk og utvikling, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell. 

Riksantikvaren skal få laga ein studie, som skal syne alternative løysingar for plassering av verksemd eller anna aktivitet i tilknyting til dei freda objekta. Riksantikvaren skal også sørgje for at dei freda objekta blir naudsynt sikra. Dette arbeidet skal gjerast så snart som mogleg.

Smelteverket spela ei viktig rolle i utbygginga av den kraftkrevjande industrien. Anlegget gjev eit rikt bilete av nokon av hovudfasane i industriarkitekturen på 1900-tallet. Odda Smelteverk var det største av pioneranlegga i nitrogengjødselindustrien tidleg på 1900-tallet. Skalltaket med råstofflageret, cyanamidfabrikken med 325 omnar og den største karbidsmelteomnen i verda, syner dimensjonane til anlegget.

Odda Smelteverk. (Foto: Marit Bendz © Riksantikvaren.)
Odda Smelteverk. (Foto: Marit Bendz © Riksantikvaren.)