Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2013

Sterkare satsing på kulturminne og kulturmiljø

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Odda smelteverk, Atlungstad Brenneri i Stange og Haldenkanalen blir prioriterte industrielle kulturminne. Regjeringa føreslår ei satsing på kulturminne og kulturmiljø på i alt 582 millionar kroner, ein auke på om lag 69 millionar kroner eller 13 prosent frå 2012.

Odda smelteverk, Atlungstad Brenneri i Stange og Haldenkanalen blir prioriterte industrielle kulturminne. Regjeringa føreslår ei satsing på kulturminne og kulturmiljø på i alt 582 millionar kroner, ein auke på om lag 69 millionar kroner eller 13 prosent frå 2012.

-Eg er oppteken av at heile historia skal forteljast gjennom dei kulturminna vi tek vare på. Tekniske og industrielle kulturminne er eit viktig område med store utfordringar, men og store mogelegheiter, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

Regjeringa vil setje av 45 millionar kroner til Riksantikvaren sine bevaringsprogram for kulturminne og kulturmiljø. Løyvingane skal sikre at mangfaldet av viktige kulturminne og kulturmiljø ikkje går tapt og at potensialet som kulturarven representerer, blir teke meir i bruk.

- Regjeringa føreslår at 18 millionar kroner skal gå til tekniske og industrielle kulturminne som er eit satsingsområde framover. Auken gjeld særskilt Odda smelteverk. I tillegg er Atlungstad Brenneri og Haldenkanalen ført opp på lista over nasjonalt viktige tekniske og industrielle kulturminne, seier miljøvernministeren.

Han er nøgd med at det gode arbeidet med å setje i stand og vedlikehalde dei viktige kulturminna våre kan halde fram med stor styrke neste år.

- Det er eit betydelig etterslep når det gjeld vedlikehald og vi må bruke ressursane på viktige bygg og anlegg, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.