Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2014

Regjeringa styrker satsinga på friluftsliv

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Regjeringa vil styrke arbeidet med friluftsliv, og aukar løyvinga med 15,8 millionar kroner. Av dette skal 11 millionar nyttast til å styrke løyvinga til friluftsaktivitet.

Regjeringa vil styrke arbeidet med friluftsliv, og aukar løyvinga med 15,8 millionar kroner. Av dette skal 11 millionar nyttast til å styrke løyvinga til friluftsaktivitet.

- Friluftsliv er viktig for å betre folkehelsa og auke den fysiske aktiviteten. Vi ønsker å få folk ut i naturen, slik at dei opplever gleda og helsegevinsten ved friluftsliv. Difor har regjeringa auka løyvingane til friluftslivsaktivitet i regi av lag og samskipnader vesentleg i budsjett for 2014, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

Det er òg sett av pengar til planlegging og informasjonsarbeid i samband med Friluftslivets år 2015.

- Friluftslivets år 2015 blir viktig for å formidle for heile befolkninga kor viktig friluftslivet er for livskvalitet og helse. Målet er at befolkninga i heile landet får tilbod om variert friluftslivsaktivitet, seier Solhjell.

Som ein del av satsinga blir det sett i gang eit fleirårig prosjekt for å stimulere kommunar til kartlegging og verdsetting av sine friluftslivsområde. Det er sett av 3,7 millionar kroner til dette arbeidet i 2014.

Til toppen