Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Giske på klimamøte på Svalbard

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Nærings- og handelsdepartementet

Nærings- og handelsminister Trond Giske har opna det 6. Ny-Ålesund symposiet på Svalbard. Tema er “Towards a green economy: The role of technology”, og handlar om innovasjon og teknologisk utvikling.

Nærings- og handelsminister Trond Giske har opna det 6.  Ny-Ålesund symposiet på Svalbard. Tema er “Towards a green economy: The role of  technology”, og handlar om innovasjon og teknologisk utvikling.

-  Eg er glad for å vere vertskap for dette viktige symposiet. Dei globale klima- og miljøutfordringane er ikkje berre ein trussel, men også ei økonomisk moglegheit, seier Giske.

Frå 21. til 23. mai 2012 er rundt 40 leiande politikarar, forskarar og næringslivsleiarar på Svalbard for å diskutere klima- og miljørelaterte spørsmål som har globale implikasjonar.

- I Ny-Ålesund ønskjer eg å setje fokus på vinn-vinn situasjonen vi kan oppnå gjennom å utvikle ny teknologi og omstille næringslivet for å møte desse utfordringane og samtidig skape ny økonomisk vekst, seier Trond Giske.

Leiar av FNs klimapanel og vinnar av Nobels fredspris, Rajendra Kumar Pachauri,  heldt innleiingsforedraget gjennom ei videohelsing:

- Temperaturaukinga i Arktis er dobbelt så raskt som på resten av kloden. Verda kan ikkje berre tilpassa seg klimaendringane. Vi må og arbeide for å redusera utsleppa, sa Pachauri.

Blant foredragsholdarane er direktør for Sveriges energibyrå Erik Brandsma, direktør for berekraftig energi i International Energy Agency (IEA,) Bo Diczfalusy, sjef for E.ON Johannes Teyssen og administrerande direktør i Statkraft Christian Rynning-Tønnesen. Anders Wijkman ved Stockholm Environment Institute er ordstyrar for arrangementet.

– Med ein historisk kolgruveby og Svalbards fantastiske natur som bakgrunn har Ny Ålesund Symposiet vist seg å vere ein interessant og unik møteplass for diskusjonar om globale klima- og miljøutfordringar, seier Giske.

 

Fakta:

Ny-Ålesund er årleg arena for det tre dagar lange symposiet, som har vore arrangert sidan 2006.Symposiet blir organisert av Kings Bay i samarbeid med Nærings- og handelsdepartementet, Justis- og politidepartementet, Miljøverndepartementet, Kunnskapsdepartementet, Utenriksdepartementet og Norges forskningsrådNy-Ålesund er ein tidlegare gruveby på 79° N på vestkysten av Spitsbergen og er i dag eit internasjonalt senter for forsking i Arktis.Byen blir driven av Kings Bay AS, som er heileigd av staten gjennom Nærings- og handelsdepartementet.

Meir informasjon om symposiet finner du her.

Pressekontakt:

Øyvind Arum i NHD: 917 284 09, Pressevakt NHD: 902 51 303.

 

 

Til toppen