Historisk arkiv

Nytt program for næringsklynger

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Statsbudsjettet 2014

Sterkare næringsklynger og ein meir internasjonal profil er målet når regjeringa foreslår å styrke løyvinga til klyngeutvikling.

Sterkare næringsklynger og ein meir internasjonal profil er målet når regjeringa foreslår å styrke løyvinga til klyngeutvikling.

– Noreg har verdsledande klynger og næringsmiljø over heile landet. Vi ynskjer å utvikle desse vidare, seier nærings- og handelsminister Trond Giske.

Vi har to program for utvikling av næringsklynger; Arena-programmet og Norwegian Centers of Expertise (NCE), med 27 og 12 miljø medlemmer kvar.

Det nye programmet for klyngeutvikling skal byggje på dei to eksisterande programma. I tillegg kjem eit nytt nivå, Global Centres of Expertice, slik at dei beste miljøa kan ta nok eit skritt vidare ut i verda.

Klyngeprogramma har vore med på å skape stor interesse og engasjement for klyngesamarbeid i Noreg. Dette har utløyst stor aktivitet rundt omkring i landet.

– Samarbeidet mellom bedrifter har auka innovasjonsevna og skapt nye konkurransedyktige bedrifter i distrikta. Ei vidareutvikling av dette er viktig for desse regionane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

For iverksetjing av det nye klyngeprogrammet gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga til Innovasjon Noreg med 10 millionar kroner. Kommunal- og regionaldepartementet har satt av 15,5 millionar kroner til å styrke lokale og regionale næringsmiljø. Pengane vil i hovudsak gå til klyngeprogrammet.