Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Vil gje norsk næringsliv betre tilgjenge til europeiske marknader

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Statsbudsjettet 2014

Regjeringa foreslår å setje av 35 millionar kroner til norsk deltaking i EU sitt program for konkurransekraft i næringslivet og for små og mellomstore verksemder i 2014.

Regjeringa foreslår å setje av 35 millionar kroner til norsk deltaking i EU sitt program for konkurransekraft i næringslivet og for små og mellomstore verksemder i 2014.

Gjennom EØS-avtalen er norske verksemder ein integrert del av den europeiske indre marknaden. Deltaking i EU sitt program COSME (Competitiveness of Enterprises and Small and Medium-sized Enterprises) vil gje tilgjenge til europeiske samarbeidspartnarar i verdas største bedriftsnettverk, Enterprise Europe Network.

– Norsk deltaking gir næringslivet betre tilgjenge til europeiske marknader, seier nærings- og handelsminister Trond Giske.

Europa 2020 er EU sin overordna strategi for vekst og sysselsetjing i dette tiåret. Målet er at EU skal bli ein smart, bærekraftig og inkluderande økonomi innan 2020. Noreg deltek i fleire program som byggjer opp under dette målet. EU er Noreg sin største handelspartnar.

– Me jobbar også for å legge til rette for at norske verksemder får betre tilgjenge til kapital som følgje av norsk deltaking i COSME, seier Giske.

Kontingenten for norsk deltaking i COSME er berekna til 450 millionar kroner for perioden 2014-2020. Deltakinga vil føre til utgifter til nasjonale kontaktpunkt til oppfylgjing av COSME i Noreg. Med atterhald om Stortinget sitt samtykke til norsk deltaking, vert det foreslått å setje av om lag 35 millionar kroner til å dekke utgifter knytta til programdeltaking i COSME for 2014.

COSME-programmet har desse hovudmåla:

  • Styrke marknadstilgjenge for små og mellomstore verksemder.
  • Styrke konkurranseevna til verksemder i EU ved å utvikle betre rammevilkår.
  • Betre tilgjenge til finansiering for små og mellomstore verksemder gjennom eigenkapital, finansiering og lånefasilitetar.
  • Fremje ein kultur for entreprenørskap for nye gründerar, særleg ungdom og kvinner.

Den 15. mai 2013 varsla regjeringa at ho vil foreslå for Stortinget at Noreg går inn som fullt medlem i EU sitt store program for forsking og innovasjon, Horisont 2020. COSME er meint å fungere godt saman med Horisont 2020. Dei finansielle verkemidla i dei to programma er særs tett integrert. Begge programma vil ha betydelege budsjett for å generere kapital for vekst, forsking og innovasjon i europeisk næringsliv.

Bedriftsnettverket Enterprise Europe Network vil bli finansiert under COSME, men vil også mobilisere næringslivet til Horisont 2020. Det nasjonale kontaktpunktet for Enterprise Europe Network ligg i dag hos Innovasjon Norge.

Til toppen