Historisk arkiv

Troll vidareutvikling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Departementet har i brev 18. oktober 2007 til rettshavarane på Troll meddelt at vi ikkje vil godkjenne ein plan for utbygging og drift (PUD) for Troll vidareutvikling (TFD) fordi planane er tufta på ein forutsetnad om auka uttak av gass på Troll som vil svekkje moglegheitene for å hente ut store oljemengder frå feltet.

Departementet har i brev 18. oktober 2007 til rettshavarane på Troll meddelt at vi ikkje vil godkjenne ein plan for utbygging og drift (PUD) for Troll vidareutvikling (TFD) fordi planane er tufta på ein forutsetnad om auka uttak av gass på Troll som vil svekkje moglegheitene for å hente ut store oljemengder frå feltet.

-Noreg har ein lang tradisjon med å sikre eit balansert uttak av olje og gass frå felta. Ekofisk, Oseberg og Åsgard, i tillegg til Troll, er felt der produksjonsrata har vore regulert av norske styresmakter ut frå dette formålet. Avgjerda på Troll er difor ei vidareføring av ei forsvarleg og bærekraftig ressursforvalting av dei norske olje- og gassfelta, seier olje- og energiminister Åslaug Haga.

Trollfeltet kan produsere store olje- og gassmengder over lang tid. Feltet inneheld om lag 10 % av all olje og gass på norsk sokkel. Troll er det klart største gassfeltet, det er fire gonger større enn Ormen Lange. Troll har også utvikla seg til å bli eit av dei største oljefelta.

Rettshavarane på Troll la eit løp for den vidare utviklinga av Troll med mål om å fremje plan for utbygging og drift (PUD) i januar 2008. Oppgåva var å sjå om ein kan auke gassproduksjonen utan å skade moglegheitene for å få ut store oljemengder. Oljedirektoratet har følgd rettshavarane sitt arbeid svært nøye.

Oljedirektoratet sine studier viser eit stort potensiale for auka oljeutvinning frå Trollfeltet. Oljedirektoratet meiner akslerert gassproduksjon, slik planen er i TFD, vil føre til eit direkte oljetap på rundt 65 mill. fat. I tillegg legg prosjektet opp til omfattande gassproduksjon som kan gå utover oljeutvinninga på lang sikt. Dersom vi ikkje prioriterer olja, vil ein kunne sjå oljetapseffekter opp mot 600 mill. fat for heile produksjonsperioden til Trollfeltet. Utfrå dette har Oljedirektoratet rådd departementet til å ikkje godkjenne ein PUD som inneber auka gassuttak.

På basis av dette informerte departementet i går rettshavarane i Troll at departementet ikkje kan godkjenne ein PUD for Troll vidareutvikling fordi planen er tufta på ein forutsetnad om auka uttak av gass frå Troll. Vi har funne det naturleg å informere selskapa no fordi arbeidet med ein plan for utbygging og drift kostar mykje og vi vil ikkje forlenge dette arbeidet meir enn det som er naudsynt.

Basert på voluma frå TFD og gassfelt utanfor Midt-Noreg har ei gruppe potensielle investorar studert moglegheitene for eit nytt røyr til Belgia, Nederland eller Storbritannia (det såkalte Gas Network Expansion-prosjektet). Arbeidet har vore leia av Gassco. Dersom TFD-prosjektet ikkje blir vidareført, vil Gassco anbefale at røyrprosjektet Gas Network Expansion vert avslutta.

Gassco er operatør for transportsystemet på norsk sokkel. Selskapet evaluerer behovet for utvikling av infrastrukturen basert på dei behova produsentane har for transport av gass. Gassco er særleg merksam på behovet for transport ut av Norskehavet og har studert alternativ parallelt med GNE-prosjektet.

-Noreg er ein viktig og stabil leverandør av gass til Europa. Noregs eksport dekkjer om lag 16 % av det europeiske gassforbruket. At TFD-prosjektet no ikkje blir realisert endrar ikkje hovudbiletet som viser at norsk gassproduksjon vil fortsetje å vekse sterkt fra dagens nivå på 86 mrd. Sm3 til 125-140 mrd. Sm3 gass per år i løpet av det neste tiåret, uttaler olje- og energiministeren.