Historisk arkiv

Auka forsking på fornybar energi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Regjeringa vil auke satsinga på forsking og utvikling av fornybar energi og karbonfangst og -lagring med 70 millionar kroner. Av desse kjem 50 millionar kroner på Olje- og energidepartementet sitt budsjett. Satsinga vart varsla i klimaforliket.

Regjeringa vil auke satsinga på forsking og utvikling av fornybar energi og karbonfangst og -lagring med 70 millionar kroner. Av desse kjem 50 millionar kroner på Olje- og energidepartementet sitt budsjett. Satsinga vart varsla i klimaforliket.

- Vi ynskjer å opprette fleire forskingssenter på prioriterte områder innan fornybar energi og CO2-handtering. Ein vil vurdere å opprette forskingssenter på mellom anna vindkraft til havs, bioenergi og karbonfangst og lagring. Dei auka midlane til forsking og utvikling vil styrkje fagmiljøa på desse områda, seier olje- og energiminister Åslaug Haga. –Etablering av dei nye forskingssentra er ein viktig del av regjeringa si satsing på fornybar energi, seier statsråden.

Etableringa av forskingssentra er ei oppfølgjing av Energi21, som er styresmaktene sin strategi for satsing på forsking og utvikling innafor energisektoren. Dei beste forskingsmiljøa vil gå saman, geografisk eller virtuelt, om ei satsing på teknologi innanfor eit bestemt tema. Næringslivet vil vere med i sentra. Slik vil ein skape eit aktivt samarbeid mellom eit innovativt næringsliv og framståande forskingsmiljø. Regjeringa legg til grunn at ramma for sentersatsinga i 2009 vil bli minst 100 millionar kroner.

Noregs forskingsråd vil handsame sentersatsinga. Innsatsområde framheva i Energi21 inkluderer klimavennleg kraft (til dømes vindkraft til havs og solkraft), CO2-nøytral oppvarming (til dømes bioenergi), energieffektivisering, CO2-fangst og -lagring, og miljøvennleg transport. Ein søknadsrunde knytt til etablering av ’Forskningssentre for miljøvennlig energi’ (FME) blir utlyst no. Endeleg val av senter vil skje i løpet av året.

-Forsking på fornybar energi er viktig for å nå klimamåla våre. Det er óg viktig for å oppfylle ambisjonen om at Noreg skal bli ein stor eksportør av fornybar energi i framtida. Då må vi forske på mellom anna havmøller, solkraft og bioenergi, seier statsråd Haga.

Se nettsidene for Forskningsentre for miljøvennlig energi på Forskningsrådets nettsider.