Historisk arkiv

300 millionar kroner meir til forsking på miljøvennleg energi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Regjeringa foreslår 300 millionar kroner meir til forsking og utvikling innan fornybare energikjelder og karbonfangst og –lagring i 2010.

Regjeringa foreslår 300 millionar kroner meir til forsking og utvikling innan fornybare energikjelder og karbonfangst og –lagring i 2010. For perioden 2008 til 2010 samla sett, har løyvingane til forsking og utvikling på desse områda auka med over 600 millionar kroner, frå eit nivå på om lag 230 millionar kroner. Midlane vert i all hovudsak kanalisert til Noregs forskingsråd.

-Skal vi lykkast i å produsere meir rein energi og bruke energien meir effektivt, må nye teknologiar utviklast og takast i bruk. Regjeringa si auka satsing på forsking og utvikling innan fornybare energikjelder, energieffektivisering og fangst og lagring av CO2 har nettopp dette som mål. Meir og betre forsking vil heve den norske kompetansen slik at vi kan finne nye gode løysingar og få ned kostnadene. Det seier olje- og energiminister Terje Riis-Johansen i samband med at regjeringa legg fram sitt forslag til statsbudsjett for 2010.

Veksten i budsjettet for 2010 inneber for Olje- og energidepartementet sin del ei styrking av ordninga for Forskingssenter for Miljøvennleg Energi (FME), samt ei kraftig styrking av forskingsprogramma retta mot fornybar energi og energieffektivisering (RENERGI) og fangst og lagring av CO2 (CLIMIT). Det vert òg satt av midlar til forsking og utvikling knytte til energieffektivisering i petroleumssektoren. Meir energieffektivproduksjon vil bidra til lågare klimagassutslipp på norsk sokkel. Departementet legg i tillegg opp til ei styrking av den samfunnsfaglege energiforskinga.

Olje- og energidepartementet si del av auken i 2010 er på 162 millionar kroner.