Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

341 milliardar frå petroleumsverksemda

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda er i Nasjonalbudsjettet 2012 anslått til 341 milliardar kroner i 2011. Av kontantstraumen utgjør skattar og avgiftar 210 milliardar kroner. Statens direkte økonomiske engasjement (SDØE) bidrar med 118 milliardar kroner og utbyte frå Statoil er på 13 milliardar kroner.

Statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda er i Nasjonalbudsjettet 2012 anslått til 341 milliardar kroner i 2011. Av kontantstraumen utgjør skattar og avgiftar 210 milliardar kroner. Statens direkte økonomiske engasjement (SDØE) bidrar med 118 milliardar kroner og utbyte frå Statoil er på 13 milliardar kroner.

- Petroleumsnæringa er Noregs viktigaste næring og skapar store verdiar som kommer heile landet til gode. Våre oppdaterte anslag for sektoren tydar på at dette vil fortsette. Eg har tro på at vi gjennom ein parallell satsing på eksisterande felt, utbygging av våre funn, aktiv utforsking av opna areal og gjennomføring av de pågåande opningsprosessane vil nå ambisjonane våre for sektoren slik dei framgår av årets petroleumsmelding, seier olje- og energiminister Ola Borten Moe.

Statens netto kontantstraum er om lag 30 mrd kroner høgare enn kva som ble lagt til grunn i RNB 2011. Auka skuldast i all hovudsak at det forventas høgare olje og gassprisar inneverande år. Ein forventar at prisen vil holde seg høg, og legg i budsjettet til grunn ein gjennomsnittleg oljeprisføresetnad i 2011 på 600 kroner per fat (faste 2012-kroner). Dette tilsvarer 100 USD gitt en valutakurs på 6 kroner. 

Investeringane i petroleumsnæringa er av stor betyding for norsk økonomi. I 2011 er det venta investeringar for nærare 150 milliardar krona, ein volumvekst på omkring 12,5 prosent frå i fjor. 

- Aktiviteten i petroleumsverksemda er høg, og forventes å vere på et høgt nivå også i åra som kjem framover. Stabiliteten i næringa, i lag med høge oljeprisar, gjer at Noreg i mindre grad blir ramma av arbeidsløysa og nedgangskonjunkturane som vi ser internasjonalt, seier olje- og energiminister Ola Borten Moe.

Den samla oljeproduksjonen frå norsk sokkel er anslått til 2,1 millionar fat oljeekvivalentar (o.e.) per dag i 2011. Gassproduksjonen er forventa å bli om lag 109 milliardar Sm3. Frå å utgjere om lag 48 prosent av den totale produksjonen, er gass som del av årleg petroleumsproduksjon venta å auke i åra framover.

Dei totale utvinnbare ressursane på norsk sokkel er i ressursrekneskapen for 2010 berekna til om lag 12,8 milliardar Sm3 oljeekvivalentar.  Av desse er om lag 57 prosent fortsett uutnytta. Leiting er av avgjerande betyding for å nytta ressursane best mulig . Hittil i år er det påbegynt om lag 40 leitebrønnar. Det er nyleg også gjort ein rekke svært spennande funn.

Til toppen