Historisk arkiv

Auka satsing på førebygging av flaum- og skredskadar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Statsbudsjettet 2013

I statsbudsjettet for 2013 føreslår regjeringa å auke løyvingane til flaum- og skredførebyggjande arbeid med 54 millionar kroner, over Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) sitt budsjett.

I statsbudsjettet for 2013 føreslår regjeringa å auke løyvingane til flaum- og skredførebyggjande arbeid med 54 millionar kroner, over Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) sitt budsjett. 45 millionar kroner skal gå til fysiske sikringstiltak mot flaum og skred, og 9 millionar kroner skal brukast til å etablere ei operativ varslingsteneste for snø- og jordskred. Etableringa av varslingstenesta er eit samarbeid mellom NVE , Meteorologisk Institutt, Jernbaneverket og Statens Vegvesen.

- Det er viktig at folk skal kjenne seg trygge der dei bur. Det er regjeringa sitt mål å betre samfunnet si evne til å førebygge flaum- og skredrisiko. Vi styrkar difor budsjettet til NVE med 54 millionar kroner for å redusere konsekvensane av flaum og skred, seier olje- og energiminister Ola Borten Moe.

Frå og med 1.januar 2009 vart den statlege skredbistanden samla hjå NVE. Bistanden er basert på same modell som gjeld for flaum. NVE si oppgåve er mellom anna å hjelpe kommunane med kunnskap og ressursar innan kartlegging, arealplanlegging, overvaking, sikring og beredskap. Sidan 2009 har løyvingane til tiltak innan kartlegging, varsling og sikringstiltak innan flaum- og skredførebygging auka med over 50 prosent, frå 125,8 millionar kroner i 2009 til 191,3 millionar kroner i 2013.