”Finnfast”: Finnøy og Talgje får ferjefritt vegsamband
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding
Pressemelding | Dato: 20.01.2006 | Sist oppdatert: 05.10.2006
I statsråd i dag er det lagt fram eit forslag om utbygging og finansiering av veg- og tunnelprosjektet ”Fastlandssamband til Finnøy, med tilknyting til Talgje”. (20.01.06)
Pressemelding
Nr.: 05/06
Dato: 20.01.06
”Finnfast”: Finnøy og Talgje får ferjefritt vegsamband
- I statsråd i dag er det lagt fram eit forslag om utbygging og finansiering av veg- og tunnelprosjektet ”Fastlandssamband til Finnøy, med tilknyting til Talgje”. Samferdselsdepartementet og regjeringa har dermed gjennomført dei vurderingar og avklaringar som må vere på plass før Stortinget kan ta stilling til utbygginga av dette viktige vegprosjektet i Rogaland, opplyser samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
Prosjektet omfattar bygging av ein 5,7 kilometer lang undersjøisk tunnel mellom Hanasand på Rennesøy og Ladstein på Finnøy. I tillegg kjem om lag ein 1,5 kilometer lang tilknytingsveg i tunnel til Talgje. Utbygginga er eit ferjeavløysingsprosjekt som vil frigi ei ferje som i dag trafikkerer Søndre Finnøy-samband, mellom Hanasand på Rennesøy og Talgje og Ladstein i Finnøy kommune.
Utbygginga av Finnfast-prosjektet
kan etter planen ta til sommaren eller hausten 2006, med sikte på
at det nye vegsambandet kan opnast for trafikk i 2009.
Byggjekostnadene for prosjektet er 530 millionar 2006-kroner. Når
ein tar med finansieringskostnadene, blir dei samla kostnadene 747
millionar kroner 2006-kroner. Finansieringa av Finnfast-prosjektet
skal etter planen skje ved bompengar, statlege løyvingar over
budsjettet for riksveginvesteringar og ved hjelp av midlar frå
ordninga med alternativ bruk av ferjetilskot. Bruken av midlar frå
denne ordninga har mellom anna samanheng med innsparing av statlege
ferjetilskot ved at ferjesambandet Hanasand - Talgje - Ladstein
blir lagt ned som følgje av utbygginga av Finnfast-prosjektet.
Klikk her for å laste ned en
større utgave av kartet (942 kb)
Til redaksjonen
For nærmare opplysingar – sjå:
St.prp. nr 38 (2005-2006)
Om utbygging og finansiering av riksveg 519 Fastlandssamband til
Finnøy (Finnfast) i Rogaland, med tilknyting til Talgje (fylkesveg
606)