Historisk arkiv

Forskingsprosjekt: Anbodskonkurranse— verknader for lønns- og arbeidsforhold og transporttilbod i distrikta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

- I kva grad har innføring av anbodskonkurranse påverka lønns- og arbeidsforhold til dei tilsette innanfor kollektivtransporten? Og kva for verknad har slik konkurranse hatt for omfanget og kvaliteten i transporttilbodet, særleg i distrikta der trafikkgrunnlaget er lågare? (07.06.06)

Pressemelding

Nr.: 44/06
Dato: 07.06.06

Forskingsprosjekt: Anbodskonkurranse – verknader for lønns- og arbeidsforhold og transporttilbod i distrikta

- I kva grad har innføring av anbodskonkurranse påverka lønns- og arbeidsforhold til dei tilsette innanfor kollektivtransporten? Og kva for verknad har slik konkurranse hatt for omfanget og kvaliteten i transporttilbodet, særleg i distrikta der trafikkgrunnlaget er lågare?

Dette er spørsmål som blir tatt opp i prosjektet "Virkninger av konkurranseutsetting og fristilling i persontransporten". Prosjektet blir gjennomført av Transportøkonomisk institutt (TØI), på oppdrag frå Samferdselsdepartementet. Prosjektet vil omfatte lokal persontransport med buss og persontransport med fly og jernbane.

- Med dette forskingsprosjektet kan vi få eit betre grunnlag for ei meir fullstendig vurdering av erfaringane med anbodskonkurranse i kollektivtransporten, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Over 2006-budsjettet til Samferdselsdepartementet er det sett av om lag 1,2 millionar kroner til prosjektet, som skal gå fram til årsskiftet 2007/2008 og har ei samla kostnadsramme på 2,3 millionar kroner. Prosjektet er ein del av "Program for overordna transportforskning" i regi av Samferdselsdepartementet.

Til redaksjonen

For fleire opplysningar om utgreiings- og forskningsprosjekt med støtte frå Samferdselsdepartementet, sjå nettsidene til departementet.