Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete: Gassdrift i ferjesambandet Molde — Vestenes

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Ferjene som trafikkerer riksvegsambandet Molde – Vestnes i Møre og Romsdal, skal bruke gass som drivstoff. Eit slikt krav vil vere eitt av vilkåra ved den andbodskonkurransen som Statens vegvesen skal utlyse for ferjedrifta på dette viktige stamvegsambandet, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete. (06.03.06)

Pressemelding

Nr.: 16/05
Dato: 06.03.06

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete: Gassdrift i ferjesambandet Molde – Vestnes

- Ferjene som trafikkerer riksvegsambandet Molde – Vestnes i Møre og Romsdal, skal bruke gass som drivstoff. Eit slikt krav om bruk av gass som drivstoff vil vere eitt av vilkåra ved den andbodskonkurransen som Statens vegvesen skal utlyse for ferjedrifta på dette viktige stamvegsambandet. Bruk av flytande naturgass er ei miljøvennleg og framtidsretta løysing, og legg også til rette for vidare utvikling av norsk kompetanse og teknologi på eit område med spanande utfordringar, både nasjonalt og internasjonalt, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Til toppen