Historisk arkiv

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete: Prøveordning med 110 km/t fartsgrense på motorveg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

- Eg er i utgangspunktet positiv til ei prøveordning med ei øvre fartsgrense på 110 km/t på motorvegstrekningar med høg standard, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at Vegdirektoratet har lagt fram forslag om ei prøveordning med fartsgrense på 110 km/t på E18 i Vestfold.

Pressemelding

Nr.: 22/06
Dato: 21.04.06

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete: Prøveordning med 110 km/t fartsgrense på motorveg

- Eg er i utgangspunktet positiv til ei prøveordning med ei øvre fartsgrense på 110 km/t på motorvegstrekningar med høg standard.

Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at Vegdirektoratet har lagt fram forslag om ei prøveordning med fartsgrense på 110 km/t på E18 i Vestfold.

- Eg har merka meg at Vegdirektoratet legg til grunn visse føresetnader om mellom anna politikontroll og fysiske utbetring av vegane. Vi må difor hente inn synspunkt frå politiet og andre aktuelle styresmakter. Eg er merksam på at ein fartsauke i seg sjølv kan verke negativt ved at skadeomfanget blir meir alvorleg når det først skjer ei ulukke med ein bil i høg fart. På den andre sida er det viktig at vi har fartsgrenser som folk opplever som å vere i samsvar med standarden på vegen. Dette kan vere med på å gi auka respekt for fartsgrenser generelt sett, noko som igjen kan føre til tryggare vegtrafikk, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.