Historisk arkiv

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete om: Rapporten "Ny felles parkeringsregulering?"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Det er viktig å få til felles og enklare regelverk som gjeld både offentleg og privat parkeringsverksemd. Eit slikt regelverk må mellom anna sikre eit betre tilbod for dei som er forflyttningshemma, seier samferdselsministeren.

Pressemelding

Nr.: 27/06
Dato: 28.04.06

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete om: Rapporten "Ny felles parkeringsregulering?"

- Det er viktig å få til felles og enklare regelverk som gjeld både offentleg og privat parkeringsverksemd. Eit slikt regelverk må mellom anna sikre eit betre tilbod for dei som er forflyttningshemma.

Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at ei arbeidsgruppe i dag har lagt fram ein rapport om framtidig regulering av parkeringsverksemd.

- Gruppa kjem med tilrådingar som vil føre til vesentlege endringar. Sjølv om arbeidsgruppa har hatt medlemmer frå mange hald, er det viktig at også andre offentlege og private interesser no får seie sitt, før vi tek endeleg stilling til korleis rapporten skal følgjast opp. Eg vil difor gjennomføre ei brei høyring av rapporten. Dette gjeld mellom anna tilrådingar om regelverk og spørsmål om kva for økonomiske følgjer tilrådingane vil få for til dømes kommunane og for dei som skal bruke parkeringstilboda, seier samferdselsministeren.

Til redaksjonen

For meir om rapporten "Ny felles parkeringsregulering?" sjå pressemelding av 28.04.06 frå Samferdselsdepartementet