Historisk arkiv

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete om: Erfaringar med konkurranse i rutebiltransport

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Transportøkonomisk institutt har i dag lagt fram rapporten ”Kjøps- og kontraktsformer i lokal rutebiltransport”. (09.02.06)

Pressemelding

Nr.: 11/06
Dato: 09.02.06

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete om: Erfaringar med konkurranse i rutebiltransport

- Kva blir verknadene for tilbodet til dei reisande når ein tar i bruk anbodskonkurranse i rutebiltransporten? Og kva for verknader får slik konkurranse for løns- og arbeidsforholda for dei som arbeider i rutebilnæringa? Slike spørsmål må vi få nærmare greie på når vi skal ta for oss erfaringane med bruk av anbodskonkurranse.

Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at Transportøkonomisk institutt no har lagt fram rapporten ”Kjøp- og kontraktsformer i lokal rutebiltransport”. Denne rapporten tar mellom anna for seg ein del av erfaringane med bruk av anbodskonkurranse innanfor rutebiltransporten.

- Eg har merka meg at rapporten trekkjer fram at bruk av anbod i somme rutesamband har ført til noko lågare kostnader for ruteselskapa og dermed til redusert behov for tilskott frå det offentlege. Rapporten viser at slike innsparingar i stor grad er tatt ut i form av redusert tilskott framfor utvida og forbetra tilbod til dei reisande.

- I det vidare arbeidet med å vurdere bruk av konkurranse og ulike kontraktformer i rutebilsektoren må det difor leggjast meir vekt på å få fram verknadene for publikum. Samferdselsdepartementet vil setje i gang i ugreiingsarbeid som tar for seg desse sidene ved bruk av anbod. Når det så gjeld verknader for løns- og arbeidsforhold for dei tilsette i rutebilnæringa, vil dette bli vurdert nærmare i ei utgreiing som skal gjennomførast på oppdrag frå Samferdselsdepartementet, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Til redaksjonen

Les meir på heimesidene til TØI