Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2007: 10,5 milliardar kroner til kollektivtransport

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 84/06
Dato: 06.10.06

Statsbudsjettet 2006:

10,5 milliardar kroner til kollektivtransport

Regjeringa går inn for at det over budsjettet til Samferdselsdepartementet for 2007 skal nyttast i alt 9,6 milliardar kroner til tiltak for kollektivtrafikken. I tillegg kjem 870 millionar kroner i bompengar. Dei samla "kollektivmidlane" på 10,5 milliardar kroner er 1,4 milliard kroner eller 15 prosent meir enn for 2006.

Midlane er fordelte slik:

  • 1,6 milliardar kroner til statleg kjøp av persontransporttenester med tog
  • 5,47 milliardar kroner til investeringar, drift og vedlikehald på jernbanenettet
  • 1,04 milliardar kroner til kollektivtiltak finansiert ved bruk av "vegmidlar", fordelt med løyvingar på 170 millionar kroner over budsjettet for riksveginvesteringar og 870 millionar kroner i bompengemidlar
  • 157 millionar kroner som særskilt tilskott til kollektivtransport. Beløpet er fordelt med 107,2 millionar kroner til "Belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk i byområda", medan 50 millionar kroner er tilskott til kommunar og fylkeskommunar for å sikre raskare framdrift og betre samordning av arbeidet med å gjere kollektivtransporten meir tilgjengeleg
  • 1,4 milliardar kroner til statleg kjøp av riksvegferjetenester
  • 267 millionar kroner til statleg kjøp av sjøtransporttenester Bergen – Kirkenes
  • 475 millionar kroner til statleg kjøp av flyrutetenester på strekningar der drifta ikkje er bedriftsøkonomisk lønsam.

I tillegg til desse statlege midlane og bompengemidlane kjem fylkeskommunale midlar til lokal kollektivtransport, medrekna løyvingar til skule- og studentrabatt. I 2005 løyvde fylkeskommunane og Oslo kommune meir enn 5,2 milliardar kroner til bilruter, fylkesvegferjer, båtruter, transport for funksjonshemma og sporveg- og forstadbaner. I Oslo kommune vart det løyvd meir enn ein milliard kroner til kollektivtransporten i 2005.

Historisk løft for jernbanen
Auken i satsinga på kollektivtransport i 2007 skjer i første rekkje gjennom ei historisk høg satsing på løyvingane til jernbaneinfrastruktur. I forslaget til statsbudsjett for 2007 er det sett av 5 467 millionar kroner til drift og vedlikehald og investeringar i linja. Dei auka løyvingane vil ha stor verknad for persontrafikken med tog.

Investeringsmidlane skal mellom anna nyttast på dei to viktige prosjekta Lysaker - Sandvika og Lysaker stasjon, på Drammenbanen. Det er òg sett av midlar til utbygging av dobbeltspor mellom Sandnes og Stavanger. Regjeringen foreslår elles midlar til ombygging av Ski stasjon og til utbygging til dobbeltspor på strekninga Bergen stasjon - Fløen.

Tiltak for kollektivtransporten: Vel ein milliard kroner frå ”vegmidlar”
I forslaget til vegbudsjett for 2007 er det lagt opp til at det neste år skal brukast i alt 1 040 millionar kroner frå ”vegmidlar” til særskilte tiltak for kollektivtrafikken. Av dette er 170 millionar kroner statlege midlar som inngår i framlegget til løyvingar til riksveginvesteringar, medan 870 millionar kroner er bompengemidlar.

Dei største prosjekta er bygging av Bybanen i Bergen og opprusting av Kolsåsbanen i Oslo.

Om lag 200 millionar kroner er elles sett av til arbeid for å få større fart og betre flyt i trafikken for bussar og trikkar, særleg i Oslo og Stavanger. I budsjettframlegget har ein elles prioritert arbeid med å gjere kollektivtransporten meir tilgjengeleg for alle.

I tillegg til desse særskilte tiltaka, vil det - som ledd i vanlege veganlegg - skje utbygging som fører til betre forhold for kollektivtransporten på vegane.

Belønningsordninga for betre kollektivtransport
Til "Belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk i byområda" er det foreslått 107,2 millionar kroner. Samferdselsdepartementet legg opp til at Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand og Tromsø kan søkje om midlar frå ordninga.

I 2007 vil ordninga bli evaluert, med sikte på å få klarlagt i kva grad ho er eit veleigna statleg verkemiddel for å påverke transportutviklinga i byområda. Evalueringa vil vere eit grunnlag for å vurdere korleis ordninga skal vidareførast, også etter 2007, går det fram av budsjettforslaget.

Sjøtransporttenester Bergen – Kirkenes
267,3 millionar kroner er foreslått til statleg kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen -Kirkenes. Dette er i tråd med avtalen mellom staten og Hurtigruten Group ASA om kjøp av sjøtransporttenester på strekninga for perioden 2005 - 2012. Formålet med avtalen er å sikre eit dagleg og heilårig transporttilbod mellom Bergen og Kirkenes.

Regjeringa gjer elles framlegg om at sikkerheitsbemanninga på skipa som trafikkerer Kystruta Bergen - Kirkenes skal takast inn under nettolønnsordninga, med verknad frå 1. juli 2007. Dette vil innebere ei kostnadsinnsparing for Hurtigruten Group, og vil vere ei endring i rammevilkåra for selskapet, samanlikna med det som galdt på det tidspunktet da avtalen vart inngått mellom staten og selskapet. Verknadene for den delen av verksemda som inngår i det statlege kjøpet av transporttenester vil bli tatt opp i forhandlingar mellom staten og selskapet. - Resultatet av forhandlingane mellom staten og selskapet, basert på dei nye rammevilkåra, vil bli lagt fram for Stortinget, går det fram av budsjettforslaget.

Kollektivtransport for alle
I budsjettframlegget frå regjeringa er det sett av 50 millionar kroner til ei tilskottsordning for å gjere kollektivtransporten meir tilgjengeleg for alle. Midlane skal delfinansiere kommunale og fylkeskommunale tiltak.

Vegdirektoratet skal administrere midlane og leggje til rette for ei best mogeleg samordning av den samla innsatsen.

Tilskottsordninga er ein del av BRA-programmet (Betre infrastruktur, Rullande materiell, Aktiv logistikkforbetring).

I tillegg til løyvinga til denne tilskottskotsordninga nyttar Jernbaneverket, Statens vegvesen og Avinor vesentlege midlar over eigne budsjett for å gjere kollektivtransporten meir tilgjengeleg for alle.

Til redaksjonen
Fleire pressemeldingar om samferdselsbudsjettet for 2007 og fylkesvis oversikt over løyvingar og tiltak – sjå nettsider om SD-budsjett

Til toppen