Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2007: 560 millionar kroner til rassikring på vegnettet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 86/06
Dato: 06.10.06

Statsbudsjettet 2007:

560 millionar kroner til rassikring på vegnettet

Regjeringa går inn for at det neste år skal brukast i alt om lag 560 millionar kroner til prosjekt og tiltak som er med på å sikre mot ras på vegnettet.

Av dette beløpet er 321 millionar kroner løyvingar over den særlege budsjettposten ”Rassikring”, om lag 160 millionar blir dekt ved midlar frå løyvingane til riksveginvesteringar, medan det ved hjelp av bompengar vil bli nytta omkring 80 millionar kroner til rassikring.

For neste år er mellom anna desse store prosjekta særleg prioritert:

  • Riksveg 43 Aunevik- Bukkesteinen, Lyngdal i Vest Agder
  • E 39 Gammelseter - Nipetjørn, Lindås i Hordaland
  • Riksveg 5 langs Kjøsnesfjorden (Hammarsgrova – Stølsneset), Jølster i Sogn og Fjordane
  • Riksveg 55 Fatlaberget, Leikanger og Sogndal i Sogn og Fjordane
  • Riksveg 62 Fresvika-Jordalsgrenda, Nesset og Sunndal i Møre og Romsdal
  • E10 gjennom Fjøsdalen, Flakstad i Nordland
  • Fylkesveg 347 Arnøya, Skjervøy i Troms

I tillegg til desse større prosjekta, vil det dessutan bli nytta midlar til ei rekkje mindre rassikringstiltak på fleire utsette strekningar og punkt på vegnettet.

Til redaksjonen
Fleire pressemeldingar om samferdselsbudsjettet for 2007 og fylkesvis oversikt over løyvingar og tiltak – sjå nettsider om SD-budsjett

Til toppen