Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2007: Jernbaneføremål: Historisk satsing - over 7 milliardar kroner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 83/06
Dato: 06.10.06

Statsbudsjettet 2007:

Jernbaneføremål: Historisk satsing – over 7 milliardar kroner

Regjeringa gjer framlegg om å løyve i alt 7,1 milliardar kroner til jernbaneføremål for 2007. Dette er ein auke på 15,3 prosent, samanlikna med 2006.

- Auken har samanheng med at regjeringa – i tråd med Soria Moria-erklæringa - ønskjer ei kraftig opptrapping av løyvingane til utbygging, drift og vedlikehald av jernbanenettet. Budsjettforslaget for Jernbaneverket svarer til eitt års oppfølging av vedtak i Stortinget ved handsaminga av Nasjonal transportplan 2006 – 2015. Forslaget er eit historisk løft for jernbaneinfrastrukturen. Med dette forslaget har regjeringa gjort ein snuoperasjon for å få auka løyvingane til jernbaneinfrastrukturen, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

I alt 5,47 milliardar kroner kroner av løyvinga til jernbaneføremål går til Jernbaneverket og skal nyttast til drift, vedlikehald og investeringar på linenettet. Dette er 20,3 prosent høgare enn for 2006.

Til drift og vedlikehald av jernbanenettet, medrekna Gardermobanen, er det sett av til saman 3,25 milliardar kroner, ein auke på 234 millionar kroner eller nær 8 prosent.

Regjeringa foreslår 2,22 milliardar kroner til investeringar i linenettet. Dette er ein auke på nær 743 millionar kroner eller 50,3 prosent frå 2006. Forslaget inneber eit historisk høgt nivå for investeringar i infrastrukturen til jernbanen.

Innanfor løyvingane til investeringar er det sett av midlar for å sikre rasjonell framdrift for prosjekt som alt er komne i gang eller som skal starte i 2007. Investeringsmidlane skal mellom anna nyttast på dei to viktige prosjekta Lysaker – Sandvika og Lysaker stasjon, på Drammenbanen. Det er og sett av midlar til utbygging av dobbeltspor mellom Sandnes og Stavanger. Budsjettframlegget omfattar elles midlar til utbygging av fjernstyring på Nordlandsbanen. Det er dessutan sett av midlar til utbygging av togradiosystemet GSM-R og til tiltak for å auke kapasiteten i linenettet, med hovudvekt på bygging av kryssingsspor.

Regjeringen foreslår elles midlar til ombygging av Ski stasjon og til utbygging til dobbeltspor på strekninga Bergen stasjon - Fløen.

Betre vilkår for godstransport med jernbane
I budsjettforslaget for Jernbaneverket er om lag 450 millioner kroner sett av til tiltak og prosjekt med særleg nytte for godstrafikken. Dette omfatter mellom anna midlar til utbygging Ganddal godsterminal i Rogaland, ombygging av Alnabru godsterminal i Oslo og utbygging til dobbeltspor Bergen stasjon – Fløen. Forlenging av eksisterande kryssingsspor og utbygginga av nye kryssingsspor fleire stader på jernbanenettet fører til at togtrafikken får større kapasitet, og dette vil også vere til nytte for godstrafikken. I tillegg vil godstrafikken dra nytte av investeringane på Lysaker stasjon, investeringane i GSM-R og i fjernstyring på Nordlandsbanen. Forslaget frå regjeringa om fritak for el-avgift for transport på bane vil dessutan få mykje å seie for godstrafikken med jernbane, som får reduserte kostnader som svarer til om lag 17 millionar kroner på årsbasis.

Drift og vedlikehald av jernbanenettet: 3,25 milliardar kroner
Til drift og vedlikehald av jernbanenettet, medrekna gardermobanen, er det sett av til saman 3,25 milliardar kroner, ein auke på 234 millionar kroner eller nær 8 prosent. Innanfor denne løyvinga er det til vedlikehald åleine på jernbanenettet sett av 1 342,4 millionar kroner, noko som er ein auke med 180,4 millionar kroner eller om lag 15 prosent frå 2006. Den auka innsatsen på vedlikehald er viktig for å ivareta ei sikker og stabil avvikling av togtrafikken.

Statleg kjøp av persontransporttenester med tog: Nær 1,6 milliardar kroner
1 598,5 millionar kroner er ført opp til statleg kjøp av persontransporttenester med tog. Dette kjøpet omfattar først og fremst toggruppene nærtrafikk, intercitytrafikk, region- og matetrafikk. I tillegg omfattar kjøpet av persontransportttenester også nattog og fjerntog på Nordlandsbanen, det vil seie strekninga Trondheim - Bodø.

Det er inngått ein avtale mellom norske og svenske styresmakter om persontogtrafikk mellom Trondheim og Østersund. Avtalen legg opp til eit samanhengjande togtilbod mellom dei to byane. Det er dessutan inngått ein avtale om persontrafikk med tog mellom Oslo og Stockholm og mellom Oslo og Karlstad. Denne avtalen fører til at det frå januar neste år blir fleire daglege avgangar med persontog over grensa ved Charlottenberg.

Statens jernbanetilsyn: 34,8 millionar kroner
Til drift av Statens jernbanetilsyn er det gjort framlegg om å løyve 34,8 millionar kroner.

Investeringar på linenettet: Fordeling av vel 2,2 milliardar kroner
Regjeringa foreslår i alt 2 219,6 millionar kroner til investeringar i linenettet. Dette er ein auke på 742,6 millionar kroner eller 50,3 prosent frå 2006. Beløpet skal nyttast slik:

  • 229 millionar kroner går til utbygging av togradiosystem av typen GSM-R (Global System for Mobile Communications - Rail). Utbygginga skal vere ferdig i 2007, og omfattar i alt 4000 kilometer togline.
  • 325 millioner kroner er avsett til vidare arbeid på prosjektet Lysaker stasjon, på Drammenbanen. Prosjektet er ei ombygging av dagens stasjon frå to til fire spor til plattform og omfattar 900 meter nytt dobbeltspor, medrekna ny jernbanebru over Lysakerelva. Ny jernbane skal samordnast med ny busstasjon og med tilknyting til ein eigen bane som skal ta trafikk til og frå Fornebu. Arbeid med konstruksjonar som er nødvendige for endestasjonen til ”Fornebubanen” skal etter planen gjennomførast av Jernbaneverket, på vegne av Akershus fylkeskommune, som er ansvarleg for utbygging av bane til Fornebu.
  • 490 millioner kroner er foreslått for å setje i gang arbeid med prosjektet Lysaker – Sandvika, på Drammenbanen. Prosjektet omfatter 5,6 kilometer nytt dobbeltspor, og skal etter planen vere ferdig i 2011.
  • 225 millionar kroner til kjøp av grunn og anleggsarbeid med bygging av ny godsterminal på Ganddal i Rogaland. Den nye terminalen vil erstatte dagens terminalar i Stavanger og Sandnes. Terminalen vil gi meir rasjonell drift for togselskapa og speditørar. Utbygginga må elles sjåast i samanheng med den planlagde utbygginga av dobbeltspor mellom Sandnes og Stavanger. Anleggsarbeidet skal etter planen vere ferdig hausten 2007.
  • 270 millionar kroner til utbygging til dobbeltspor mellom Sandnes og Stavanger. I tillegg til desse midlane over investeringsbudsjettet vil det innanfor forslaget til vedlikehaldsbudsjett bli nytta 30 millionar kroner til fornying og vedlikehald av eksisterande sporanlegg. Utbygginga til dobbeltspor vil gi ein vesentleg auke i kapasiteten på strekninga. Dette legg til rette for å forbetre driftstabiliteten på strekninga, samtidig som det blir mogeleg å få til nye og meir kundetilpassa ruteopplegg for lokal- og regiontogtrafikken til og frå Stavanger.
  • 80 millioner kroner er foreslått til å vidareutvikle og modernisere Alnabru godsterminal slik at terminalen blir tilpassa auka intermodal transport, det vil seie transport som skjer ved kombinasjon av både tog og bil. Prosjektet omfattar bygging av ny containerterminal på den austre delen av dagens skifteområde på Alnabru, og arbeidet er venta å vere ferdig i midten av 2008.
  • 44 millioner kroner er avsett til sluttfinansiering av prosjektet med ombygging av Brattøra godsterminal i Trondheim. Arbeidet skal vere ferdig i 2007 og vil frigi areal som skal nyttast for å gjennomføre den vedtatte utbygginga av riksvegprosjektet Nordre avlastningsveg i Trondheim.
  • 115 millioner kroner til utbygging av fjernstyring på jernbanestrekninga Grong - Bodø, på Nordlandsbanen. Utbygginga vil føre til auka kapasitet og meir påliteleg togtrafikk. Beløpet er fordelt med 15 millioner kroner til strekninga Grong - Mosjøen og 100 millioner kroner til strekninga Mosjøen – Bodø. Arbeidet på strekninga Grong - Mosjøen er venta å vere ferdig i andre kvartal 2007, medan arbeidet på strekninga Mosjøen - Bodø etter planen skal vere ferdig i 2009.
  • 40 millioner er foreslått til igangsetting av arbeidet med ombygging av Ski stasjon. Ombygginga omfatter mellom anna utviding med to nye spor og tiltak for å betre omstigingsforhold og for å gjere stasjonen og tografikken lettare tilgjengeleg for alle grupper av reisande.
  • 20 millioner kroner til igangsetting av prosjektet dobbeltspor Bergen stasjon - Fløen. I tillegg til desse midlane over investeringsbudsjettet er det over vedlikehaldsbudsjettet sett av 16,5 millionar kroner til fornying av signal- og sikringsanlegget. Prosjektet er viktig for å auke kapasiteten og forbetre driftsvilkåra for godstrafikken på Bergensbanen. Prosjektet inngår som del i den planlagde utbygginga av dobbeltspor på strekninga Arna - Bergen, men det har også god nytte som sjølvstendig prosjekt, går det fram av budsjettforslaget.
  • 140 millionar kroner er ført opp til eit eige program som er særleg innretta mot å gjere jernbanetransporten enda tryggare. Dette er ein auke på 80 millionar kronar, samanlikna med 2006. Midlane vil mellom anna bli nytta til sikring og fjerning av planovergangar og til brann- og tunnelsikring.
  • 80 millionar kroner er sett av til tiltak for å gjere stasjonar og trafikkknutepunkt betre tilgjengeleg for publikum. Som ein del av desse tiltaka vil det mellom anna bli lagt vekt på betre informasjon og service for publikum, i tillegg til arbeid som er med på å gjere publikumsområda enda tryggare og meir tilgjengeleg for alle. Arbeidet med større ombyggingstiltak skal førast vidare på stasjonane Haugenstua i Oslo, Nationaltheatret i Oslo (brannsikring), Strømmen i Akershus, Heimdal i Sør-Trøndelag og Mo i Rana i Nordland. I tillegg skal det setjast i gang arbeid med nye tiltak på stasjonane på Voss og i Drammen.
  • 80 millionar kroner skal brukast til tiltak for å auke kapasiteten på det eksisterande jernbanenettet. Tiltaka omfattar mellom anna forlenging av eksisterande kryssingsspor og utbygging av nye kryssingsspor. Slike tiltak er særleg viktig for å auke godstrafikken med jernbane.
  • 81,6 millionar kroner er ført opp til planlegging og grunnerverv som omfattar nye investeringsprosjekt. Nye investeringsprosjekt som no er til planlegging er utbygging av nytt dobbeltspor Kolbotn - Ski og dobbeltsporstrekningane på Vestfoldbanen, medrekna innkorting av Vestfoldbanen mellom Farriseidet og Porsgrunn (Eidangertunnelen). - Det ligg føre godkjent kommunedelplan for dobbeltsporutbygginga Kolbotn - Ski. Arbeid med detalj- og reguleringsplan for utbygginga tok til i år og skal førast vidare i 2007. Som oppfølging av tidlegare handsaming i Stortinget har ein for dobbeltsporstrekningane på Østfoldbanen lagt til grunn ønske frå Østfold fylkeskommune om prioriteringsrekkjefølgje. Dette vil seie at strekninga Sandbukta – Moss skal byggjast ut før strekninga Haug - Onsøy. Arbeidet med hovudplan for Sandbukta - Moss er no i gang. Det er rekna med at dette planarbeidet skal vere ferdig i 2007, og at det så blir nødvendig å oppdatere reguleringsplanane, går det fram av budsjettforslaget.

Utbytte
Innanfor jernbanesektoren eig Samferdselsdepartementet to selskap, NSB AS og BaneService AS. Regjeringa foreslår eit utbytte på 328 millionar kroner frå NSB AS i 2007. For BaneService er forslaget til utbytte 4,4 millionar kroner for 2007.

Til redaksjonen
*
Fleire pressemeldingar om samferdselsbudsjettet for 2007 og fylkesvis oversikt over løyvingar og tiltak – sjå nettsider om SD-budsjett

Til toppen