Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2007: Post og telekommunikasjon: Høg kvalitet og rimelege prisar over heile landet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 91/06
Dato: 06.10.06

Statsbudsjettet 2007:

Post og telekommunikasjon: Høg kvalitet og rimelege prisar over heile landet

For post og telekommunikasjon er det gjort framlegg om i alt 226,6 millionar kroner i statlege løyvingar for 2007. Heile beløpet gjeld Post- og teletilsynet. Løyvinga er om lag 6 prosent lågare enn for 2006. Nedgangen har i hovudsak samanheng med at kostnadene i samband med flytting av Post- og teletilsynet frå Oslo til Lillesand vert lågare i 2007 enn i 2006.

- Regjeringa ønskjer å sikre husstandar og bedrifter i Noreg tilgang til grunnleggjande post- og teletenester av høg kvalitet og til rimelege prisar. Ein verksam og berekraftig konkurranse i post- og telemarknadene er viktig for å nå dette målet, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Telekommunikasjon

For å sikre brukarane i heile landet gode, rimelege og framtidsretta tenester innan telekommunikasjon vil regjeringa leggje til retta for vidare utvikling av konkurranse i marknaden for elektronisk kommunikasjon.

Post- og teletilsynet analyserer marknadene for til dømes mobilkommunikasjon og breiband, og tilsynet gjer vedtak om bruk av verkemiddel som er med på å fremje konkurransen.

Posten Norge AS

Posten Norge AS skal framleis ha einerett til å utføre visse posttenester for å sikre gode og rimelege posttenester til heile landet. Desse tenestene omfattar adressert brevpost med vekt inntil 50 gram og med pris inntil to og ein halv gonger grunntaksten for eit brev i første vektklasse (kr. 16,25). Samferdselsdepartementet arbeider med ny konsesjon for Posten Norge AS som skal gjelde frå og med 1. januar 2007.

- Posttenestene er ei avgjerande brikke for at vi skal ha ein infrastruktur som sikrar busetnad og næringsutvikling i heile landet. Vi skal ha eit godt og landsdekkjande tilbod, med tilgang til kvalitetstenester til samme pris. Det omfattar mellom anna grunnleggjande banktenester, omdeling av post seks gonger i veka og einskapssporto, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa gjer framlegg om eit utbytte på 471 millionar kroner frå Posten i 2007.

Til redaksjonen

Fleire pressemeldingar om samferdselsbudsjettet for 2007 og fylkesvis oversikt over løyvingar og tiltak – sjå nettsider om SD-budsjett

Til toppen