Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2007: Trygt og effektivt flyrutetilbod i heile landet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 85/06
Dato: 06.10.06

Statsbudsjettet 2007:

Trygt og effektivt flyrutetilbod i heile landet

Regjeringa foreslår i alt 678,8 millionar kroner til luftfartsføremål i 2007. Størstedelen av løyvingane skal nyttast til statleg kjøp av flyrutetenester på strekningar der rutedrifta ikkje er bedriftsøkonomisk lønsam.

- Eit godt, effektivt og trygt flyrutetilbod gir folk og næringsliv i distrikta rask og effektiv tilgang til regionale sentra, med vidare samband til andre landsdelar og til utlandet. Eit slikt tilbod er med på styrkje busetting og næringsliv i distrikta, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Kjøp av flyrutetenester: Vel 475 millionar kroner
For 2007 er det foreslått 475,9 millionar kroner til statleg kjøp av innanlandske flyrutetenester på strekningar der drifta ikkje bedriftsøkonomisk lønsam. Dette er ein reduksjon på om lag ein prosent samanlikna med 2006. Reduksjonen har i hovudsak samanheng med at det i år er inngått nye kontraktar med flyselskapa, noko som samla sett har redusert behovet for godtgjersle frå staten til flyselskapa. I dei nye kontraktane er det lagt til grunn at flyrutetilbodet skal oppretthaldast på alle strekningar der staten kjøper flyrutetenestar i dag.

- Statleg kjøp av innenlandske flyrutar skal vere med å sikre stabil sysselsetting og busetting i distrikta. Målet med å kjøpe flyrutetenester er å få eit langsiktig samfunnsøkonomisk effektivt og likeverdig lufttransporttilbod, med god transportstandard. Tilbodet av innanlandske flyrutetenester skal vere til nytte for folk og næringsliv i heile landet. Lufttransport er viktig for å redusere avstandsulemper og for å leggje til rette for velfungerande regionar, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

I budsjettforslaget frå regjeringa er det lagt til grunn at maksimaltakstane skal setjast ned med 20 prosent for reiser på dei strekningane i Nord-Troms og Finnmark der staten kjøper flyrutetenester.

- Ein slik takstreduksjon skal i dette området vere med på å minske den vesentlege skilnaden det i dag er mellom prisane på flyrutene som ikkje er bedriftsøkonomisk lønsame og prisane på andre ruter, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Regionale flyplassar
Det er for 2007 ikkje foreslått statleg tilskott til Avinor sine regionale flyplassar. Selskapet har for tida ei positiv utvikling i sin økonomi. Dette har si årsak både i trafikkvekst og verknader av arbeidet med omstilling. Underskottet for dei regionale flyplassane til Avinor skal i 2007 finansierast ved overføringar frå dei andre lufthamnene.

Tilskott til ikkje-statlege flyplassar
Regjeringa gjer framlegg om 17,2 millionar kroner i tilkott til ikkje-statlege flyplassar i 2007. Dette gjeld tilskott til flygeinformasjonstenesta ("AFIS-tilskott") ved ikkje-statlege flyplassar med rutetrafikk. Forslaget er ein auke på 0,6 millionar kroner frå 2006.

Utbytte frå Avinor AS
Det er for 2007 foreslått eit utbytte på 339 millionar kroner frå Avinor AS.

Luftfartstilsynet
Til Luftfartstilsynet er det gjort framlegg om å løyve 148,4 millionar kroner, fordelt med 139,6 millionar kroner til ordinær drift og 8,8 millionar kroner til særskilte kostnader i samband med flyttinga av Luftfartstilsynet frå Oslo til Bodø. Flyttinga er i all hovudsak sluttførd i 2006.

Statens havarikommisjon for transport
Regjeringa gjer framlegg om å løyve 37,3 millionar kroner til Statens havarikommisjon for transport. Forslaget til løyving inneber ein auke på 5 millionar kroner. Auken har samanheng med at Statens havarikommisjon for transport får utvida sitt område til òg å gjelde sjøfart.

Stortinget har tidlegare vedtatt at ansvarsområdet til havarikommisjonen òg skal omfatta sjøulukker frå 1. juli 2008. Samferdselsdepartementet foreslår at undersøkingar av arbeidsulykker om bord på skip òg skal leggjast til havarikommisjonen frå samme dato.

Til redaksjonen
Fleire pressemeldingar om samferdselsbudsjettet for 2007 og fylkesvis oversikt over løyvingar og tiltak – sjå nettsider om SD-budsjett