Historisk arkiv

Tilførselsvegar til Hardangerbrua:

Kostnadsauke – og ny tilbodskonkurranse

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Dei innkomne tilboda i konkurransen om utbygging av tilførselsvegane i riksvegprosjektet Hardangerbrua viser ein kostnadsauke på 38,4 prosent, samanlikna med tidlegare kostnadsoverslag. Samferdselsdepartementet vurderer det slik at det er ein monaleg risiko for overskriding av kostnadsramma for heile prosjektet, det vil seie samla sett for brua og tilførselsvegane.

Samferdselsdepartementet har funne det nødvendig at Statens vegvesen avsluttar  konkurransen og omarbeider entreprisen til ei samla utlysing av heile bruprosjektet i 2008, med høve til å gje tilbod på eitt eller fleire element av prosjektet. Eit slikt opplegg vert valt for å leggje til rette for styrkt konkurranse, også frå utlandet.

Ei orientering om Hardangerbruprosjektet er tatt inn i eit forslag til endringar i statsbudsjettet for 2007. Forslaget vart lagt fram i statsråd i dag.

Samferdselsdepartementet har dessutan bede Statens vegvesen om at det snarast blir gjort førebuingar til ei ny avgrensa kvalitetssikring.  Dersom kostnadsramma for heile prosjektet blir overskriden, vil saka bli lagt fram for Stortinget på nytt. Samferdselsdepartementet understrekar at vedtaket om bygging av Hardangerbrua ligg fast, men at dette kan innebere at sluttføringa av prosjektet blir utsett inntil eitt år, går det fram av orienteringa. 

Sjå elles: