Historisk arkiv

Nye tiltak for meir miljøvenleg transport

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Samferdselssektoren står for ein stor del av klimagassutsleppa, men er òg ein viktig del av løysinga for å nå dei nasjonale klimamåla. Eit "Transnova" som skal arbeide for å fremje løysingar for meir miljøvenleg transport, vil vere eit viktig bidrag i dette arbeidet. Regjeringa vil utgreie spørsmålet om å opprette eit slikt organ.


- Samferdselssektoren står for ein stor del av klimagassutsleppa, men er òg ein viktig del av løysinga for å nå dei nasjonale klimamåla. Eit "Transnova" som skal arbeide for å fremje løysingar for meir miljøvenleg transport, vil vere eit viktig bidrag i dette arbeidet. Regjeringa vil utgreie spørsmålet om å opprette eit slikt organ.

Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at regjeringa i dag la fram stortingsmeldinga om "Norsk klimapolitikk".

Eit statleg organ som Transnova bør ha oppgåver knytt til informasjon og opplæring. Organet kan òg gje finansiell støtte til demonstrasjonsaktivitetar innanfor alle transportformer, pilottesting av spesielt lovande konsept og etablering av anlegg for produksjon og distribusjon av miljøvenleg drivstoff.

Satsing på biodrivstoff

For å redusere klimagassutsleppa frå transportsektoren er det viktig å satse på miljøvenleg drivstoff. Regjeringa vil, i samarbeid med aktørar frå biodrivstoffbransjen, ta initiativ til ein strategi for auka satsing på forsking og utvikling av andre generasjons biodrivstoff. I denne samanheng vil ein vurdere ulike støtteordningar til demonstrasjonsanlegg og sjå om det er mogleg å få til eit nordisk og internasjonalt samarbeid om biodrivstoff.

- Andregenerasjons biodrivstoff gjer at ein kan nytte avfall og restprodukt frå skogen til produksjon av drivstoff. Med prosessindustri i verdsklasse og god tilgang på råstoff ligg det òg spennande moglegheiter for næringsutvikling i ei slik satsing, seier samferdselsministeren.

Lågare CO2-utslepp frå bilar

Regjeringa går gjennom skatte- og avgiftssystemet med sikte på å gjere endringar for å fremje miljøvenleg åtferd. Mellom anna er eingongsavgifta endra i år slik at bilar med låge CO2-utslepp har fått ein avgiftslette, medan bilar med høge CO2-utslepp har fått ein auke i avgifta. Som følgje av dette har det gjennomsnittlege CO2-utsleppet frå nye bilar gått ned frå 177 g/km i 2006 til 157 g/km i perioden januar til mai 2007.

- I meldinga varslar Regjeringa at vi vil følgje opp arbeidet med å leggje om skatte- og avgiftssystemet for å fremje miljøvennleg åtferd, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

- Samferdselsdepartementet er dessutan i dialog med bilbransjen som meiner det er mogleg å få CO2-utsleppa frå nye bilar ned til eit gjennomsnitt på 120 g/km på kort sikt. Dette vil gje ein utsleppsreduksjon på 1,5-2,5 millionar tonn CO2 i 2020, samanlikna med utsleppsnivå for nye bilmodellar frå 2006, seier samferdselsministeren.

Felles lyft

- Utslepp frå landtransport og luftfart utgjer om lag 20 prosent av dei samla klimautsleppa i Noreg. Dersom vi ikkje set i verk nye tiltak, vil vi sjå ein kraftig vekst i desse utsleppa. Regjeringa har allereie sett i verk ei  rekkje verkemiddel for å utvikle eit meir miljøvenleg transportsystem. Sektoren er omfatta av dei høgaste CO2-avgiftene i tillegg til andre drivstoffavgifter, køyretøyavgifter, tekniske reguleringar, arealpolitikk og forskingsmidlar. Vi legg no fram ytterlegare tiltak som skal vere med på å redusere utsleppa frå samferdselssektoren. Regjeringa har eit ambisiøst mål om at transportsektoren, medrekna sjøfart, skal redusera utsleppa med mellom 2,5 og 4 millionar tonn CO2 innan 2020. Dette inneber ein reduksjon på mellom 12,5 og 20 prosent. Det er mogleg å nå dette målet, men det krev samarbeid mellom alle aktørar i transportsektoren. Kommunane, fylkeskommunane og staten må saman med næringslivet og privatpersonar, gjennomføre eit felles lyft, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Avgiftslegging på internasjonal luftfart – bidrag til FN

Internasjonal luftfart er ikkje omfatta av Kyoto-regimet, sjølv om den  bidreg med to-tre prosent av dei globale klimagassutsleppa, og prognosane reknar med at den internasjonale flytrafikken vil stå for fem prosent av utsleppa i 2050. Fordi utslepp i høgare luftlag har ein større klimaeffekt enn bakkenære utslepp, er den klimamessige effekten endå større. I motsetnad til innanriks luftfart er det heller ikkje CO2-avgift på internasjonal luftfart. Regjeringa vil arbeide for internasjonal avgiftslegging på internasjonal luftfart og for at ein slik skatt skal bidra til finansieringa av FN.

- Internasjonale flyreiser er til dels svært billege, og klårt underprisa i forhold til miljøbelastninga. Regjeringa vil arbeide for ei internasjonal avgiftslegging, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Køprising og kollektivtrafikk

Det er eit stort potensial for å redusere klimagassutsleppa frå transportsektoren gjennom styrking av kollektivtrafikken, inkludert jernbane, kombinert med tiltak for å redusere personbiltrafikken i dei store byområda som køprising (vegprising).

Regjeringa vil vidareføre og vurdere å styrkje satsinga på kollektivtrafikk som fylkeskommunane har ansvar for, og gjennom dei statlege ordningane med belønningsmidlar til dei største byområda og til kollektivtiltak i distrikta. Jernbanesatsinga er i 2007-budsjettet løfta til eit historisk nivå, i tråd med Nasjonal transportplan, og regjeringa vil halde fram med å styrkje jernbanen, seier samferdselsministeren.

Regjeringa vil vurdere auka bruk av bompengar og køprising for mellom anna å styrkje kollektivtransporten. Regjeringa vil hausten 2007 leggje fram ein odelstingsproposisjon for Stortinget som opnar for å bruke bompengar til drift av kollektivtrafikk, seier Navarsete.

- Klimavurderingar vil få større vekt ved prioritering av vegprosjekt framover, seier samferdselsministeren.

 

Til redaksjonen: Meir om dei sektorvise klimahandlingsplanane, sjå: "St.meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk"