Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett 2007:

Offentleg utval skal utgreie vegtilsyn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Etter raset i Hanekleivtunnelen har regjeringa reist spørsmål om å opprette eit sjølvstendig vegtilsyn med ansvar for tilsyn med vegtryggleiken. Før ein konkluderer i spørsmålet, er det naudsynt med ei grundig vurdering av kva slags ansvar og roller eit eventuelt tilsyn skal ha. Regjeringa vil derfor at eit offentlig utval skal vurdere dette.

Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at ho la fram ei orientering om raset i Hanekleivtunnelen og ei orientering som gjeld spørsmålet om eit mogleg eige vegtilsyn. Orienteringa er teken inn i ein stortingsproposisjon som vart lagt fram for Stortinget i dag.

I orienteringa er det gjort greie for raset i Hanekleivtunnelen, årsakene til raset og reparasjonskostnadene. Totalt er kostnadene ved raset i Hanekleivtunnelen rekna ut til 345,2 millionar kroner. Regjeringa foreslår at dette beløpet vert dekt ved ei tilleggsløyving over statsbudsjettet for 2007.

I orienteringa kjem det fram at utvalet som skal utgreie eit eige vegtilsyn, skal opprettast i løpet av sommaren 2007, og at utvalet  skal leggje fram si innstilling i saka innan utgangen av 2008.

Spørsmålet om eit sjølvstendig vegtilsyn vart sist drøfta i samband med stortingsmeldinga om statlege tilsyn i 2003, men vart då avvist.

For fleire opplysningar, sjå:
St.prp. nr. 68 (2006-2007) Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område