Historisk arkiv

Revidert budsjett 2008

Oslopakke 3: Auka bompengeinntekter – og meir pengar til kollektivtransporten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Innføringa av ei ny bompengeordning for Oslo-området - Oslopakke 3 trinn 1 - vil i år gi samla meirinntekter på 310 millionar kroner. Dette går fram av ei orientering som er tatt inn i forslaget til revidert statsbudsjett for 2008.

Innføringa av ei ny bompengeordning for Oslo-området - Oslopakke 3 trinn 1 - vil i år gi samla meirinntekter på 310 millionar kroner. Dette går fram av ei orientering som er tatt inn i forslaget til revidert statsbudsjett for 2008.

Desse meirinntektene har for det første samanheng med at det frå 1. juli blir sett i verk eit nytt takstsystem i den eksisterande bomringen. I tillegg kjem auka bompengeinntekter som følgje av at ein frå 1. oktober i år kan starte innkrevjing på nye bompengestasjonar på grensa mellom kommunane Oslo og Bærum.

Meirinntektene på 310 millionar kroner frå bompengeinnkrevjinga i 2008  skal fordelast slik:

  • 85 millionar kroner vil bli overført til Ruter AS for å styrkje kollektivtilbodet i Oslo og Akershus. I hovudsak vil desse midlane bli brukte til å auke tilbodet på T-banen i Oslo og til å auke busstilbodet i Akershus og mellom Oslo og Akershus, i tråd med lokalpolitiske prioriteringar.
  • 60 millionar kroner skal nyttast til reinvesteringar i infrastrukturen for T-banen i Oslo.
  • 15 millionar kroner går til planlegging av prosjekt i Oslopakke 3, det vil seie veg- og kollektivprosjekt i Oslo-området.
  • 150 millionar kroner er sett av ombygging og etablering av bomstasjonar.


I orienteringa blir det mellom anna vist til at Oslo kommune ønskjer å bruke delar av bompengeinntektene frå Oslopakke 3 til å auke tilbodet på Grorudbanen og Furusetbanen, noko som vil krevje kjøp av nye T-banevogner. Det er ikkje behov for midlar til dette i 2008, men det er lagt til grunn at 45 nye T-banevogner kan tingast i løpet av 2008. Kapitalkostnader for kjøp av T-banevogner og netto driftskostnader for planlagd dobling av tilbodet på Grorudbanen og Furusetbanen er rekna å koste om lag 135 millionar kroner per år frå 2010.

— Samferdselsdepartementet er positiv til at desse kostnadene kan finansierast med bompengar frå Oslopakke 3. Vi vil kome nærmare tilbake til dette i dei årlege budsjetta og når vi i haust legg fram Oslopakke 3 trinn 2, med presentasjon av den samla utbyggings- og tiltaksplanen for Oslopakke 3. Dette vil skje i samband med framlegging av stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2009-2010, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

For fleire opplysingar sjå

• St.prp. nr. 59 (2007-2008) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2008 (førebels utgåve, pdf)

• Pressemelding frå Samferdselsdepartementet 15. februar 2008: Oslopakke 3: Meir midlar til betre og meir miljøvenleg transportsystem