Historisk arkiv

Pressekonferanse

Samferdselsministeren mottek forslag til Nasjonal transportplan frå dei statlege transportetatane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Torsdag 17. januar kl. 10.00

Dei tre statlege transportetatane og Avinor AS legg i morgon torsdag kl. 10.00 fram forslag til Nasjonal transportplan 2010-2019 på ein pressekonferanse i Regjeringskvartalet, Oslo. Samferdselsminister Liv Signe Navarsete er til stades for å motta forslaget.

Statens vegvesen, Jernbaneverket, Kystverket og Avinor AS legg i morgon torsdag kl. 10.00 fram sitt forslag til Nasjonal transportplan 2010-2019 på ein pressekonferanse dei held i Regjeringskvartalet, Oslo. Samferdselsminister Liv Signe Navarsete er til stades for å motta forslaget. Frå Fiskeri- og kystdepartementet deltek politisk rådgjevar John Erik Pedersen.

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen i Statens vegvesen, konsernsjef Sverre Quale i Avinor AS, kystdirektør Kirsti Slotsvik i Kystverket og jernbanedirektør Steinar Killi i Jernbaneverket vil leggje fram det faglege grunnlagsmaterialet for ny Nasjonal transportplan (NTP).

Tid og stad:

Pressekonferansen vil bli sendt på nett-tv frå www.regjeringen.no/nett-tv (direkte peikar).

Forslaget vil bli lagt ut på våre nettsider om NTP, der du også kan lese meir om den vidare prosessen fram mot stortingsmelding om Nasjonal transportplan, som kjem ved årsskiftet 2008/2009.