Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Framlegg til endringar i vegtrafikklova:

Narkometer skal innførast

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Ruspåverka køyring er eit stort trafikktryggleiksproblem. Ein av hundre bilførarar utgjer auka trafikkfare på grunn av rus forårsaka av narkotika og legemiddel. Difor er det viktig at politiet no får heimel til å nytte ”narkometer” i samband med trafikkontrollar, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

- Ruspåverka køyring er eit stort trafikktryggleiksproblem. Ein av hundre bilførarar utgjer auka trafikkfare på grunn av rus forårsaka av narkotika og legemiddel. Difor er det viktig at politiet no får heimel til å nytte ”narkometer” i samband med trafikkontrollar. Med den reiskapen  kan politiet avdekkje køyring under påverknad av narkotika og legemiddel. Vonleg vil politiet kunne ta i bruk ”narkometer” i løpet av 2010. Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at Samferdselsdepartementet no har motteke rapporten ”Kjøring under påvirkning av andre rusmidler enn alkohol. Forslag til endringar i vegtrafikkloven”.

Rapporten er utarbeidd av ei arbeidsgruppe leia av Samferdselsdepartementet, med representantar frå Justisdepartementet, politiet, påtalemakta og Folkehelseinstituttet. Arbeidsgruppa foreslår fleire endringar av vegtrafikklova når det gjeld ruspåverka køyring. 

Medan talet på promillekøyrarar synest å ha gått noko ned, har det i løpet av dei siste 10 til 20 åra blitt fleire som køyrer under påverknad av narkotika og legemiddel. Ei stor undersøking i regi av Folkehelseinstituttet viser at om lag ein av hundre bilførarar utgjer auka trafikkfare på grunn av rus forårsaka av narkotika og legemiddel.

- Ei slik lovendring vil føre til auka oppdagingsrisiko. Trafikantane si kjensle av auka risiko for å bli oppdaga av politiet spelar ei viktig rolle for korleis trafikantane innrettar si framferd, seier samferdselsministeren. 

Rapporten frå arbeidsgruppa understrekar at ”narkometer”-testar berre vil ha ein førebels funksjon. På same måte som førebelse blåseprøver ved alkotesting i vegkanten, vil ein slik hurtigtest ikkje vere tilstrekkeleg bevis i ei straffesak. Ein positiv hurtigtest må følgjast opp med blodprøve og klinisk legeundersøking.

Arbeidsgruppa gjer også framlegg om å innføre låge lovfastsette grenser for når ein i alle tilfelle vert rekna som påverka av ulike narkotiske stoff. Ifølgje rapporten er dette framlegget  basert på eit ”nulltoleranseprinsipp” som klart skal markere at ruspåverknad og køyring ikkje høyrer saman. Frå denne nulltoleransetilnærminga foreslår arbeidsgruppa å gjere unntak for dei som tek medisinar i medhald av resept. For desse vil ein vidareføre gjeldande rettstilstand.

- Eg har allereie merka meg fleire av tilrådingane frå arbeidsgruppa som svært interessante og eg vil ta nærare stilling til desse etter at rapporten har vore ute på ei brei høyring, seier samferdselsministeren.

For fleire opplysningar – sjå

Til toppen