Historisk arkiv

Fullføring av Nord-Jærenpakka

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Regjeringa legg i dag fram eit forslag der ein sluttar seg til eit vedtak i fylkestinget i Rogaland av 10. desember 2008. Der heiter det at bomtakstane på Nord-Jæren vert auka til 20 kroner for lette køyretøy og 50 kroner for tunge køyretøy. Maksimal rabattsats vert sett til 40 prosent. Rabattordningane med maksimaltak på 75 passeringar vert oppretthaldne.

Dei auka bompengetakstane er rekna å gje om lag 400 millionar kroner meir i inntekter i dei to og eit halvt åra som står att av bompengeperioden for Nord-Jærenpakke 1.

Desse midlane skal brukast til å sikre fullfinansiering av riksveg 510 Solasplitten og til å byggje kollektivfelt på riksveg 44 og riksveg 509. Aktuelle strekningar for kollektivfelt er mellom Hillevåg og Vaulen og gjennom Forusområdet på riksveg 44 og frå Ragbakken mot Sunde og Hafrsfjord bru på riksveg 509.

For fleire opplysningar – sjå St.prp. nr. 58 (2008-2009) Nord-Jærenpakka – fullføring