Historisk arkiv

Konkurranse i kollektivtransporten: Lovendringar for å hindre sosial dumping

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Eg vil ikkje ha ordningar som gjer at ein konkurranse om kontraktar for drift av kollektivtransport blir vunnen ved innsparingar som kjem av at eldre arbeidstakarar med høgt sjukefråvær blir skuvd ut av arbeidsmarknaden, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at det i statsråd dag er gjort framlegg om ein del endringar i yrkestransportlova og i jernbanelova.

- Eg vil ikkje ha ordningar som gjer at ein konkurranse om tildeling av kontraktar for drift av kollektivtransport blir vunnen ved innsparingar som kjem av at eldre arbeidstakarar med høgt sjukefråvær blir skuvd ut av arbeidsmarknaden. For samfunnet er det heller ingen gevinst at innsparingar ved ulike former for konkurranse skjer som følgje av at ein svekker løns- og arbeidsvilkår for dei tilsette. Vi treng difor ordningar som hindrar sosial dumping og sikrar konkurranse på like vilkår.

Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at det i statsråd dag er gjort framlegg om ein del endringar i yrkestransportlova og i jernbanelova.

Endringane legg opp til at dei tilsette – i tilfelle konkurranse ved tildeling av kontraktar for drift av kollektivtransport på veg, bane og til sjøs  – skal ha eit vern som svarar til det vernet i  arbeidsmiljølova som gjeld ved overdraging av verksemder. Det blir dessutan lagt opp til at eit føretak som får tildelt kontrakt gjennom konkurranse må forplikte seg til å sikre at dei tilsette ikkje får dårlegare lønns- og arbeidsvilkår enn det som følgjer av gjeldande landsomfattande tariffavtale eller det som elles er normalt for vedkomande stad og yrke. Ei tilsvarande plikt skal også gjelde for underleverandørar.

Med dette framlegget følgjer regjeringa opp punktet i Soria Moria-erklæringa om å sikre rettane til arbeidstakarane i samband med konkurranse innanfor transportsektoren, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Aldersgrense for buss- og drosjesjåførar: Opp frå 70 til 75 år

Regjeringa gjer elles framlegg om at aldersgrensa for å kunne arbeide som buss- og drosjesjåfør skal hevast frå  70 til 75 år. Ei slik endring i yrkestransportlova skal knytast til aldersgrensa for å få køyresetel som gjev rett til å køyre buss eller bil i løyvepliktig persontransport.

- Med denne lovendring kjem vi i møte dei mange som ønskjer å halde fram som yrkessjåfør etter fylte 70 år. Endringa er også i tråd med ønske frå buss- og drosjenæringa, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

I forslaget er det lagt til grunn eit krav om at sjåførar over 70 år må fornye køyresetelen kvart år fram til fylte 75 år. Ei slik fornying av køyresetel krev mellom anna ny helseatttest.

- Aldersgrensa for køyresetel for løyvepliktig buss- og drosjetransport har vore 70 år sidan 1979. Helsestyremaktene har no vurdert saka på nytt. Denne vurderinga viser at aldersgruppa opptil 75 år har hatt ei generell betring i helsetilstanden. Dette opnar for heving av aldersgrensa, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

For fleire opplysingar – sjå Ot.prp. nr . 60 (2008-2009) Om lov om endringar i yrkestransportlova og jernbanelov en (tilsette sine rettar ved bruk av konkurranse i kolletivtransporten o.a.)