Ferjefri kyststamveg: Utgreiingar om teknologiske løysingar og samfunnsmessige verknader
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 57/2010 | Dato: 12.07.2010
Kva må til for å gjera E39, Kyststamvegen, ferjefri? Samferdselsministeren har sett i gang utgreiingar.
E39 er hovudpulsåra i vest. Ein ferjefri kyststamveg vil redusera avstandsulempene i denne landsdelen.
Difor har samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa sett i gang eit prosjekt som skal greia ut kva for potensial ein ferjefri kyststamveg vil ha for næringsliv og tilhøyrande bu- og arbeidsregionar. Prosjektet skal òg vurdera teknologiske løysingar for fjordkryssingar. E39 går langs kysten frå Kristiansand til Trondheim.
Prosjektet skal leiast av ei styringsgruppe, der vegsjefane i region vest, midt og sør er medlemmer. Representantar for dei ulike fylkeskommunane og frå nærings- og arbeidslivorganisasjonar skal utgjera ei referansegruppe.
Aktuelle fjordkryssingar der det no går ferje:
- Arsvågen - Mortavika i Ryfylke
- Halhjem - Sandvikvåg i Sunnhordland
- Lavik - Oppedal i Sogn
- Lote - Anda i Nordjord
- Volda - Folkestad, Sunnmøre
- Solavågen - Festøya Sunnmøre
- Molde - Furneset i Romsdal
- Halsanaustan - Kanestraum på Nordmøre
Nasjonal transportplan
Prosjektet skal sjåast i samanheng med dei utgreiingane som er igangsette på E39 fram til rulleringa av Nasjonal transportplan 2014-2023. Dei såkalla KVU'ane er forkorting for konseptvalutgreiing, som skal gjennomførast for prosjekt med kostnad over 500 millionar kroner.
Desse KVU'ane er igangsette i det aktuelle området:
- E39 Aksdal (i Rogaland) - Bergen, inklusiv Hordfast
- E39 Skei (i Sunnfjord) - Moa (Ålesund)
- E39 Moa - Bergsøy (Sunnmøre)
- E39 Bergsøy - Betna (på Nordmøre)