Historisk arkiv

Gir Jernbaneverket i oppdrag å utgreia høgfartsbane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa har i dag gitt Jernbaneverket eit mandat for vidare utgreiing av høgfartsbane i Noreg. Jernbaneverket skal tilrå langsiktige strategiar for langdistanse persontogtransport.

Følgande korridorar skal utgreiast:
• Oslo-Bergen
• Oslo-Kristiansand-Stavanger
• Oslo-Trondheim
• Oslo-Gøteborg
• Oslo- Stockholm
• I tillegg skal Bergen – Haugesund/Stavanger utgreiast i kombinasjon med
Oslo –Bergen og Oslo – Kristansand – Stavanger.

Arbeidet vil bli organisert som eige prosjekt i Jernbaneverket, med eit budsjett på 50 millionar kroner. 

- Ein internasjonal anbodskonkurranse skal sikra best mogleg spisskompetanse slik at utgreiinga kan gje solid grunnlag for den vidare avgjerdsprosessen. Det blir lagt opp til ein open prosess med moglegheit for innspel frå ulike aktørar, seier samferdselsminister Kleppa.

Utgreiinga skal vera ferdig innan 1. februar 2012. - Dette blir eit viktig innspel i arbeidet med neste Nasjonal transportplan, seier statsråden.

For fleire opplysningar - sjå: