Løns- og arbeidsvilkår for posttilsette i land med liberalisert postmarknad skal utgreiast
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 47/10 | Dato: 17.06.2010
- Før regjeringa tar stilling til om Noreg skal innføra det tredje postdirektivet til EU, ønskjer vi å få belyst kva for konsekvensar ei tilsvarande liberalisering har hatt for dei tilsette i andre land. Ein slik dokumentasjon gir oss eit betre avgjerdsgrunnlag, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
- Før regjeringa tar stilling til om Noreg skal innføra det tredje postdirektivet til EU, ønskjer vi å få belyst kva for konsekvensar ei tilsvarande liberalisering har hatt for dei tilsette i andre land. Ein slik dokumentasjon gir oss eit betre avgjerdsgrunnlag, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa. ¨
Samferdselsdepartementet har no bede om tilbod på ei utgreiing om utviklinga i fem land når det gjeld løns- og arbeidsvilkår i postmarknaden, der utviklinga før og etter liberaliseringa vert samanlikna.
I informasjonen til tilbydarane Samfunns- og Næringslivsforskning, Oslo Economics, Copenhagen Economics og Econ Pöyry ber Samferdselsdepartementet om at utviklinga i Nederland, New Zealand, Storbritannia, Sverige og Tyskland blir utgreidd. Viss andre tilhøve i velferda til dei posttilsette er påverka av liberaliseringa, skal desse òg drøftast i evalueringa.
Det tredje postdirektivet liberaliserer alle posttenester i EU frå 31. desember 2010, med mogleg utsetjing til 31. desember 2012 for 11 EU-land. Direktivet legg opp til å avvikla alle sær- og einerettar, krevja innsamling og utlevering av post minst fem gonger i veka, vidareføra ordninga om overkomeleg pris og opna for å ha einskapsporto. EU vil vidareføra leveringspliktige tenester og la det einskilde medlemsland avgjera korleis dette skal ordnast og finansierast.
Noreg har frå før implementert første og andre postdirektiv i norsk lovgiving. Desse direktiva har gradvis redusert grensa for einerettsbrev, slik at eineretten til Posten Norge berre omfattar levering og ombæring av brev under 50 gram.
Rapporten skal overleverast Samferdselsdepartementet seinast 1. september 2010.
For fleire opplysningar – sjå:
For meir informasjon – ta kontakt via:
- Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)