Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Fellesprosjektet E6 – Dovrebanen, langs Mjøsa: Anleggsstart i 2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Anleggsarbeidet for eit felles utbyggingsprosjekt for Dovrebanen og E6 på austsida av Mjøsa, kan koma i gang i 2012 og vil vera ferdig i 2015. Ei samtidig utbygging, i eitt felles prosjekt, har store fordelar, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

- Anleggsarbeidet for eit felles utbyggingsprosjekt for Dovrebanen og E6 på austsida av Mjøsa, kan koma i gang i 2012 og vil vera ferdig i 2015. Ei  samtidig utbygging, i eitt felles prosjekt, har store fordelar. Vi får kostnadsinnsparingar, rask framdrift og færre trafikk- og miljøulemper i anleggsperioden, seier  samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Eit forslag om utbygging av fellesprosjektet E6 Minnesund – Skaberud og Dovrebanen på strekninga Langset – Kleverud blei lagt fram i statsråd i dag.

Prosjektet omfattar utbygging av E6 til firefelts veg på ei 21 kilometer lang strekning og bygging av 17 kilometer dobbbeltspora jernbane. For å gjera strandområda langs Mjøsa meir tilgjengelege for publikum skal 17 kilometer av det gamle jernbanesporet byggjast om til gang- og sykkelveg.

- Fellesprosjektet er ein del av ei større utbygging som vil gi enda sikrare og meir effektiv veg- og jernbanetransport for hovudsambandet mellom nord og sør. Utbygginga er viktig for nærområdet og for Innlandet, men også for transport av personar og gods mellom Austlandet  Nord-Vestlandet. E6 knyter oss også til utlandet.  For mykje av næringslivet i distrikta er E6 ein viktig ”eksportveg”, seier samferdselsministeren.

På E6-strekninga Minnesund – Skaberud er det lagt opp til anleggsstart våren 2012, og det er venta at den nye vegen kan opnast for trafikk hausten 2014. Prosjektet er tredje og siste del av utbygginga av 65 kilometer med firefelts veg på E6 frå Gardermoen i Akershus til Kolomoen i Hedmark, ei utbygging som tok til i 2007 og som vil vera ferdig i 2014.

Dobbeltsporet mellom Langset og Kleverud skal etter planen vera ferdig i 2015, og inngår i arbeidet med bygging av dobbeltspor Eidsvoll – Hamar.

Fellesprosjektet har ei samla kostnadsramme på om lag 10,1 milliarder kroner, fordelt med 5,2 milliarder  kroner til utbygging av E6 Minnesund – Skaberud og 4,9 milliarder kroner  til bygging av dobbeltspor på strekninga Langset – Kleverud.

E6-prosjektet Minnesund – Skaberud skal - i tråd med tidlegare lokalpolitiske vedtak og avklaringar - finansierast ved ein kombinasjon av statlege løyvingar og bompengar. Jernbaneutbygginga blir finansiert ved løyvingar over statsbudsjettet.

Kartskisse og fleire opplysningar – sjå:

Kartskisser og nærmare opplysninger om ulike etappar:

Kartskisse frå Prop. 13 S:

 

Til toppen