Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2012:

Vegtilsynet – tilsyn med infrastrukturen på offentleg veg: 11,2 millionar kroner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Eit nyoppretta statlege vegtilsyn er på plass i første halvdel av 2012. Regjeringa føreslår å løyva 11,2 millionar kroner til tilsynet i 2012. Vegtilsynet skal føra tilsyn med veginfrastrukturen, ei viktig oppgåve i arbeidet med å gjera vegtrafikken enda tryggare, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Samferdselsdepartementet har tidlegare avgjort at Vegtilsynet skal leggjast til Voss.

- Iverksettinga av tilsynet vil skje gradvis. Samferdselsdepartementet legg til grunn at det i første omgang blir oppretta eit tilsyn med det statlege vegnettet. Det vil vera på plass sommaren 2012. På denne måten kan ein byggja opp ein organisasjon og hausta erfaringar frå tilsyn med statleg vegnett, før ein innfører tilsyn også med fylkesvegar og kommunale vegar, seier samferdselsministeren.  

Vegtilsynet vil bli organisert som ei eiga eining direkte under vegdirektøren. Det skal vera eit  tydeleg organisatorisk skilje mellom Vegtilsynet og anna verksemd i Statens vegvesen.

Statsbudsjettet 2012 (samferdsel)

Pressemeldingar om statsbudsjettet 2012:

Til toppen