Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2012:

1,2 milliardar kroner meir til vegføremål

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

– Eit historisk høgt samferdselsbudsjett gir rom for sterk vekst i vegløyvingane. Dette vil gi oss betre vegstandard. Åtte større prosjekt blir ferdige neste år. Ti større, nye prosjekt får startløyving til prosjektering og førebuande arbeid, og fleire av desse får òg anleggsstart, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

– Eit historisk høgt samferdselsbudsjett gir rom for sterk vekst i vegløyvingane. Dette vil gi oss betre vegstandard. Åtte større prosjekt blir ferdige neste år. Ti større, nye prosjekt får startløyving til prosjektering og førebuande arbeid, og fleire av desse får òg anleggsstart, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa. 
    
Regjeringa føreslår å løyva i alt 16,3 milliardar kroner til vegføremål i 2012.

Dette er ein auke på 1,2 milliardar kroner eller 7,8  prosent frå saldert budsjett 2011. 

I tillegg til løyvingane over statsbudsjettet  går om lag 5,8 milliardar kroner i bompengar og anna ekstern finansiering til investeringstiltak innanfor ansvarsområdet til Statens vegvesen.

Den føreslåtte løyvinga på 16,3 milliardar kroner til vegføremål er fordelt slik:

• 7,6 milliardar koner til drift og vedlikehald av riksvegar og trafikant- og køyretøytilsyn – ein auke på 5,8 prosent

• 7 milliardar kroner til investeringar på riksvegnettet, medrekna midlar til rassikring – ein auke på 9,7 prosent

• 538 millionar kroner som statleg tilskott til rassikring på fylkesvegnettet 

• 11,2 millionar kroner til det nye Vegtilsynet – statleg tilsyn med veginfrastrukturen for offentleg veg

• 492 millionar kroner til statleg kjøp av riksvegferjetenester – ein auke på vel 10 prosent

• 434 millionar kroner til ”Vederlag for OPS-prosjekt” (årleg godtgjersle for tre gjennomførte utbyggingar etter modellen ”offentleg-privat-samarbeid”)

• 175  millionar kroner til ”Rentekompensasjon for transporttiltak i fylka”

Drift og vedlikehald av riksvegar og trafikant- og køyretøytilsyn
7 587 millionar kroner er føreslått  til drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn.  Dette er ein auke på vel 417 millionar kroner eller 5,8 prosent i forhold til saldert budsjett 2011.

Til vedlikehald av riksvegnettet er det lagt opp til å nytta om lag 1,6 milliardar kroner. Aktivitetsnivået innan vedlikehald er føresett å bli om lag som i 2011. Med dette vidarefører ein den sterke veksten i vedlikehaldet, som for 2011 fekk ein auke på 60 prosent samanlikna med 2010.

Av det føreslåtte  beløpet er om lag 700 millionar kroner sette av til vedlikehald av vegdekke og vegfundament.

Investeringar på riksvegnettet:  Vel 7 milliardar kroner – aukar med 622 millionar kroner
I alt 7 017 millionar kroner er føreslått som statlege løyvingar til veginvesteringar på riksvegnettet, medrekna rassikringsmidlar. Dette er ein auke på 622 millionar kroner eller 9,7 prosent frå saldert budsjett 2011. Auken går særleg til dei tre større prosjekta som  har eigne budsjettpostar: E16 over Filefjell, E6 vest for Alta og E18 i Bjørvika i Oslo.

I tillegg går om lag 5,8 milliardar kroner i bompengar og anna ekstern finansiering til investeringstiltak innanfor ansvarsområdet til Statens vegvesen.
 
Nye vegprosjekt
Det er lagt til grunn løyving til prosjektering og førebuande arbeid på ein del større prosjekt (over 100 millionar kroner) i 2012, og fleire prosjekt vil få anleggsstart:

- E18 Sydhavna, Oslo
- Riksveg 3 Åsta bru med tilstøytande veg, Hedmark
- E134 Gvammen – Århus, Telemark
- Riksveg 9 Krokå – Langeid, Aust-Agder
- E134 Skjold – Solheim, Rogaland
- E39 Svegatjørn – Rådal, Hordaland
- E39 i Sogn og Fjordane (delstrekningar)
- Riksveg 5 Loftesnesbrua i Sogn og Fjordane
- E6 Oppdal sentrum, Sør-Trøndelag
- E6 Vindalsliene – Korporals bru, Sør-Trøndelag

For fleire større prosjekt pågår det utgreiingar og ekstern kvalitetssikring. Regjeringa vil vurdera desse prosjekta nærare og vil deretter koma tilbake til Stortinget på eigna vis.

Regjeringa vil vurdera bompengeproposisjonar i 2012 for mellom anna desse større prosjekta (over 100 millionar kroner):

- E6 Minnesund – Skaberud, Akershus og Hedmark
- E6 Ringebu – Otta, delstrekninga Frya – Sjoa, Oppland
- E16 Fønhus – Bagn – Bjørgo, delstrekninga Fønhus – Bagn, Oppland
- E39 Eiganestunnelen, Rogaland
- Riksveg 13 Ryfast, Rogaland
- E136 Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen, Møre og Romsdal
- E6 Vegpakke Helgeland, første etappe, Nordland
- E6 Hålogalandsbrua, Nordland

I 2012 blir desse større riksvegprosjekta opna for trafikk:

- E16 Nestunnelen, Buskerud
- E18 Sky – Langangen, Vestfold og Telemark
- Riksveg 510 Solasplitten, Rogaland
- E39 Nyborgkrysset, Hordaland
- E39 Torvund - Teigen, Sogn og Fjordane
- E39 Kvivsvegen, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal
- Riksveg 70 Brunneset – Øygarden, Møre og Romsdal
- Riksveg 706 Dorthealyst – Stavne, Sør-Trøndelag.

Særskilte tiltak for trafikksikring: 747 millionar kroner
Til særskilte tiltak for trafikksikring langs det eksisterande vegnettet føreslår regjeringa å løyva 747 millionar kroner. I tillegg er det lagt til grunn 30 millionar kroner i bompengar.

Midlane vil gå til tiltak for å hindra dei alvorlegaste ulukkene som møteulukker, utforkøyringsulukker og ulukker med påkjørsel av mjuke trafikantar. Sterkare midtmarkering og bygging av midtrekkeverk er mellom tiltaka. Andre prioriterte tiltak er mellom anna utbetring av sideterreng, vegbelysning og utbetring av kurvar og kryss. Ein stor del av midlane vil bli nytta til tiltak som alt er sette i gang.

I tillegg til desse særskilde investeringstiltaka langs eksisterande veg kjem den trafikksikringsgevinsten ein får som følgje av rassikringstiltak og utbygging av nye og tryggare vegar. Auken i løyvingane til drift, vedlikehald og trafikant- og køyretøytilsyn er dessutan med på å gjera vegtrafikken tryggare.  

For 2012 er det lagt opp til å fullføra bygging av midtrekkverk på 17 kilometer  to- og trefelts riksveg.  I tillegg får 25 kilometer  riksveg neste år sterkare midtoppmerking. Med 11 kilometer ny firefelts veg, med skilde køyrebanar, vil det dermed på til saman 53 kilometer  riksveg bli gjennomført ”midttiltak” for å hindra møteulukker.

Rassikring: Vel ein milliard kroner
Til rassikring er det føreslått å løyva nær 1 075  millionar kroner, ein auke på 24 millionar  kroner eller 2,3 prosent frå 2011. Av dei føreslåtte midlane skal 538 millionar kroner gå til  rassikringsprosjekt på fylkesvegnettet, medan resten skal nyttast på riksvegar.

På riksvegnettet vil midlane særleg bli nytta til å vidareføre prosjekt som alt er sette i gang eller vedtekne, mellom anna E39 Hjartåberga i Møre og Romsdal, riksveg 13 Øvre Granvin – Voss grense i Hordaland, riksveg 70 Oppdølstranda i Møre og Romsdal og riksveg 80 Løding – Vikan i Nordland.

Gang- og sykkelvegar
Til bygging av gang- og sykkelvegar langs eksisterande vegar er det lagt til grunn at det i 2012 skal brukast i alt 376,1 millionar kroner, fordelt med 301,6 millionar kroner i statlege midlar og 75 millionar kroner i ekstern finansiering, i hovudsak bompengar. Midlane vil for det meste bli nytta for å få til samanhengjande sykkelnett i byar og tettstader og til utbygging langs skolevegar.

I tillegg kjem bygging av gang- og sykkelvegar som del av nyanlegg på vegnettet. Desse vil dermed bli finansierte ved hjelp av ordinære riksvegløyvingar og i somme tilfelle også ved hjelp av bompengar.   

Neste år blir i alt 33 kilometer gang- og sykkelvegar opna for trafikk.

Tiltak for kollektivtransporten og universell utforming
Innanfor ansvarsområdet til Statens vegvesen skal det i 2012 nyttast i alt 212 millionar kroner til tiltak for kollektivtransporten og tiltak for universell utforming. Av dette er 157 millionar kroner statlege løyvingar, medan det er lagt til grunn 55 millionar kroner i ekstern finansiering, i hovudsak bompengar.   

Midlane vil i hovudsak bli nytta til oppgradering av haldeplassar og trafikknutepunkt. I tillegg er det sett av midlar til mellom anna  bygging av kollektivfelt.

Miljø- og servicetiltak
137 millionar kroner går til miljø- og servicetiltak langs vegnettet, fordelt med 107 millionar kroner i statlege løyvingar og 30 millionar kroner i bompengar.

Ein stor del av midlane skal nyttast til støyskjerming og til tiltak for å følgja opp Statens vegvesen sine forpliktingar når det gjeld å internasjonalt regelverk for vasskvalitet  og biologisk mangfald. I tillegg er det sett av midlar til mellom anna miljøgateprosjekt. Det er elles sett av midlar til bygging og oppgradering av kvileplassar for tungtrafikken.

Nasjonale turistvegar
Innanfor framlegget til riksveginvesteringar er det sett av 123 millionar kroner til prosjektet Nasjonale turistvegar. I 2012 startar ei samla marknadsføring av alle dei 18 strekningane som er omfatta av prosjektet.

Kjøp av riksvegferjetenester: 492 millionar kroner
Til statleg kjøp av riksvegferjetenester er det føreslått å løyva 492 millionar kroner. Dette er ein auke på vel 10 prosent samanlikna med saldert budsjett 2011. Ein stor del av denne auken gjeld kostnader med å setja inn ei tredje ferje i sambandet E39 Mortavika – Aarsvågen.

Samferdselsdepartementet legg til grunn om lag same rutetilbod i 2012 som i 2011.

Med verknad frå 1. januar 2012 er det lagt til grunn ein takstauke på 3,1 prosent i riksvegferjedrifta.

Investeringar – fordelt på  transportkorridorar og riksvegstrekningar  
I budsjettforslaget er det lagt opp til at det i 2012 skal nyttast i alt 11 939,4 millionar kroner til investeringar på riksvegnettet, ikkje medrekna rassikring. Beløpet er fordelt med 6 480,4 millionar kroner i statlege løyvingar og 5 459 millionar kroner i bompengemidlar og anna ekstern finansiering.

Dei statlege midlane omfattar  ”ordinær budsjettpost for riksveginvesteringar” og tre eigne investeringspostar - for E18 i Bjørvika i Oslo, E16 over Filefjell og E6 Vest for Alta.

557,5 millionar kroner av dei foreslåtte statlege løyvingane til riksveginvesteringar er sette av til såkalla ”ikkje rutefordelte tiltak”, mellom anna tiltak innanfor prosjektet ”Nasjonale turistvegar”, innkjøp av reservebruer, forsking og utvikling.

Dei samla investeringsmidlane (ikkje medrekna rassikring) på 11 939,4 millionar kroner til riksvegnettet i 2012 er fordelte slik (beløp i millionar kroner):

Korridor/rute

Statlege midlar; forslag 2012

Ekstern finansiering; overslag 2012 (bompengar m.v.)

Totalt til investeringar i 2012

1. Oslo - Svinesund/Kornsjø

E6 Riksgrensa/Svinesund - Oslo med tilknytingar

107,2

5

112

2. Oslo - Ørje/Magnor

E18 Riksgrensa/Ørje - Oslo

437,0

155

592

Rv 2 Riksgrensa/Magnor - Kløfta og rv 35 Jessheim - Hokksund med tilknytingar

75,5

603

679

3. Oslo - Grenland - Kristiansand – Stavanger 

E18 Oslo - Kristiansand og E39 Kristiansand - Stavanger med tilknytingar

1 002,0

1 473

2 475

4. Stavanger - Bergen - Ålesund – Trondheim 

E39 Stavanger - Bergen - Ålesund med tilknytingar

761,9

56

818

E39 Ålesund – Trondheim

81,0

95

176

Rv 9 Kristiansand - Haukeligrend og rv 13/rv 55 Jøsendal - Voss - Hella – Sogndal

188,7

430

619

5. Oslo - Bergen/Haugesund med arm via Sogn til Florø

E134 Drammen - Haugesund med tilknytingar

188,6

85

274

Rv 7 Hønefoss - Gol og rv 52 Gol – Borlaug

172,2

570 

742

E16 Sandvika - Bergen med tilknytingar

479,9

226

701

6. Oslo Trondheim med armar til Måløy, Ålesund og Kristiansund 

E6 Oslo - Trondheim med tilknytingar

988,3

1401

2 389

Rv 3 Kolomoen – Ulsberg

144,2

 

144

Rv 15 Otta – Måløy

109,9

 

110

E136 Dombås - Ålesund med tilknytingar

43,3

 

43

Rv 70 Oppdal – Kristiansund

34,0

16

50

7. Trondheim - Bodø med armar mot Sverige 

E6 Trondheim - Fauske med tilknytingar

442,0

300

742

8. Bodø - Narvik - Tromsø - Kirkenes med armar til Lofoten og mot Sverige, Finland og Russland 

E6 Fauske  - Nordkjosbotn med tilknytingar

199,0

 

199

E6 Nordkjosbotn - Kirkenes med tilknytingar

472,5

44 

517

Sum rutefordelte midlar

5 922,9

5 459

11 381

Ikkje-rutefordelte midlar X)

557,5

 

558

Sum riksveg-investeringar XX)

6 480,4

5 459

11 939


X) mellom  anna prosjektet ”Nasjonale turistvegar”, innkjøp av reservebruer, forsking og utvikling - XX) omfattar budsjettposten ”Riksveginvesteringar” og særlege budsjettpostar for E16 over Filefjell, E6 Vest for Alta og E18 i Bjørvika i Oslo

Statsbudsjettet 2012 (samferdsel) 

Pressemeldingar om statsbudsjettet 2012:



Til toppen