Historisk arkiv

Periodar med høg luftforureining: - Byområda kan sjølv auka bompengetakstane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Regjeringa foreslår ei lovendring som vil gi byområda eit verkemiddel som raskt kan setjast i verk for å få ned forureininga frå biltrafikken når dette er heilt naudsynt av omsyn til folk si helse, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

- Regjeringa foreslår ei lovendring som vil gi byområda eit verkemiddel som raskt kan setjast i verk for å få ned forureininga frå biltrafikken når dette er heilt naudsynt av omsyn til folk si helse, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Lovforslaget vart lagt fram i statsråd i dag. Veglova vil få ei endring som gjer det mogleg for byområde med bompengeinnkrevjing til å ta i bruk auka mellombelse bompengesatsar i avgrensa periodar med høg luftforureining, utan framlegg for Stortinget.

Bompengefinansiering krev etter dagens regelverk samtykke frå Stortinget, og etter dagens føresegner i veglova og gjeldande praksis skal endringar i det fastsette bompengeopplegget leggjast fram for Stortinget for ny handsaming.

I det nye lovforslaget er det lagt til grunn at Samferdselsdepartementet skal fastsetja dei tidsdifferensierte bomepengetakstane. Fastsetting av tidsdifferensierte bompengetakstar vil skje etter at fylkeskommunen og den aktuelle kommunen har gjort vedtak om at verkemidlet skal vera tilgjengeleg. Avgjerd om bruken av tidsdifferensierte bompengetakstar i den einskilde situasjonen er lagt til kommunen og fylkeskommunen.

For fleire opplsyningar – sjå:

Prop. 81 L (2011-2012) Endringar i veglova og vegtrafikkloven