Historisk arkiv

E 39 Rogfast: Bompengar - for å finansiere vidare planlegging og prosjektering

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Rogfast vil gi ferjefritt vegsamband på E39 mellom Nord-Jæren og Haugalandet og er eit svært viktig prosjekt for utviklinga av Vestlandsregionen.

- Rogfast vil gi ferjefritt vegsamband på E39 mellom Nord-Jæren og Haugalandet og er eit svært viktig prosjekt for utviklinga av Vestlandsregionen.

Dette seier samferdselsminister Marit Arnstad, i samband med eit forslag om førehandsinnkrevjing av bompengar  for å finansiere vidare planlegging og prosjektering av vegprosjektet E39 Rogfast i Rogaland.

Forslaget blei lagt fram i statsråd i dag.

I forslaget gjer Samferdselsdepartementet det klart at det ikkje er lagt opp til at Stortinget skal ta stilling til prosjektet no. Departementet må komme tilbake til dette når det ligg føre tilstrekkelege avklaringar for mellom anna kostnader og finansieringsopplegg.

Innkrevjinga av bompengar  skal skje i riksvegferjesambandet Mortavika – Arsvågen som er det nest mest trafikkerte ferjesambandet i Noreg, med gjennomsnittleg om lag 3700 køyretøy i døgnet i 2012. I planane for Rogfast er det ein føresetnad at både riksvegferjesambandet Mortavika – Arsvågen og fylkesvegferjesambandet Mekjarvik – Kvitsøy blir lagde ned dersom utbygginga av Rogfast blir gjennomført. Det er også føresett at dagens E39 over Rennesøy blir omklassifisert til fylkesveg.

I forslaget om samtykke til førehandsinnkrevjing  blir det – i tråd med gjeldande retningsliner -  lagt til grunn løyve til innkrevjing i inntil tre år før eventuelt vedtak om bygging av prosjektet ligg føre.

Prosjektet omfattar ein undersjøisk tunnel på om lag 25 kilometer med to løp mellom Harestad i Randaberg kommune og Arsvågen i Bokn kommune. I tillegg er det planlagt ein undersjøisk tunnel på om lag fire kilometer med eitt løp, som arm til Kvitsøy. Rogfast vil bli den lengste og djupaste undersjøiske vegtunnelen i verda.

Kostnadene for Rogfast er no rekna til 12,2 milliardar kroner og skal finansierast ved ein kombinasjon av statlege midlar og bompengar. Det er framleis knytt uvisse til kostnadene.

I stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2014-23 er det lagt til grunn 250 millionar kroner i statlege midlar til prosjektet i dei fire åra 2014-2017.

Forslaget om førehandsinkrevjing av bompengar, medrekna bompengesatsar og innkrevjingsmåte, er  i hovudsak i tråd med tidlegare  avklaringar og vedtak  i Rogaland fylkeskommune og i kommunar i området.

I ferjesambandet Mortavika – Arsvågen har det sidan april 2001 vore førehandsinnkrevjing av bompengar for å delefinansiere prosjektet ”Fylkesveg 47 T-sambandet”. Det er venta at  prosjektet blir opna for trafikk i mai i år, og at innkrevjinga av førehandsbompengar for dette prosjektet vil opphøyre samtidig. Den føreslåtte innkrevjinga av førehandsbompengar for Rogfast-prosjektet vil dermed etterfølgje tidlegare innkrevjing av førehandsbompengar i sambandet Mortavika – Arsvågen.

For fleire opplysningar: Prop. 117 S (2012 – 2013) E39 Rogfast i Rogaland – førehandsinnkrevjing av bompengar

Samleside om Nasjonal transportplan 2014-2023 med fleire pressemeldingar, grafikk og meir informasjon