Historisk arkiv

Tale ved markeringa av 50-årsjubileet for Vikafjellsvegen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Vikafjellet 13. september 2008

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved markeringa av 50-årsjubileet for Vikafjellsvegen, Vikafjellet 13. september 2008.

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete
Tale ved markeringa av 50-årsjubileet for Vikafjellsvegen
Vikafjellet 13. september 2008

Kjære ordførarar, fylkesordførarar, kjære alle saman!

I dag er det femti år sidan ein av forgjengarane mine, samferdsleminister Kolbjørn Varmann opna vegen. Eigentleg skulle vegen vore opna året før, og då med Kronprins Olav som snorklyppar, men då HM Kong Haakon døydde, vart opninga utsett.

Vikafjellsvegen har ei historie like lang og krokute som vegen sjølv. Første gong saka om veg mellom Voss og Vik var oppe, var allereie i 1848. Engasjement frå folk i Vik og på Vossestrand var heile tida stort, men det var vanskeleg å bli samde om kvar vegen skulle gå. Vegbygginga vart utsett mange gonger,  men i 1938 kom arbeidet endeleg i gang. Før krigen vart det bygd nesten ei mil med veg, og det var ungdomar som stod for arbeidet. Dei gjorde ein imponerande dugnadsinnsats. I etterkrigsåra vart arbeidet teke opp att. Igjen vart det organisert som dugnadsarbeid, blant anna bidrog mange amerikanske studentar som motstandsmannen Kristian Ottesen hadde hyrt inn. Vikafjellsvegen har alltid vore ein veg som har fått folket til å brette opp armane!

I 1950 vart vegen mellom Voss og Vik endeleg med på dei offentlege budsjetta, og Statens Vegvesen overtok ansvaret for arbeidet. Første bilen kryssa Vikafjellet frå Voss til Vik 14. august 1956. Då var vegen framleis ikkje fullførd, og ca ein kilometer av turen gjekk i terrenget. Den offisielle opninga av Vikafjellsvegen vart først 13. september 1958.  Då hadde allereie ca 30.000 køyretøy kryssa Vikafjellet – så det var gjerne på tide å få opna vegen Det var ein høgtideleg opningsseremoni oppe på fjellet, her ved fylkesgrensa.

I dag går me altså i fotefara til dei som var her for femti år sidan. Me er samla for å markere at det er femti år sidan den høgtidelege opninga. Det er ingen tvil om at dette har vore ein viktig veg, ikkje minst for bygdene i indre og midtre Sogn. Vikafjellsvegen knytte desse bygdene saman med Bergen. I dag har vegen ein litt annan funksjon. Gudvangstunnelen og Lærdalstunnelen har gjort sitt til at vegen i dag har mindre å seie for deler av Sogn enn den tidlegare hadde. Det ser ein att på trafikkmengda, som har vore minkande.

Det er heller ikkje til å leggje skjul på at dårleg vinterregularitet har vore eit problem gjennom alle år. Det skuldast både eit hardført klima og plasseringa av vegen i terrenget. Difor har det over tid blitt utført tiltak for å betre vinterregulariteten. Bygginga av Storehaugstunnelen var kanskje den viktigaste av desse, men framleis gjenstår det utbetring av ein del punkt og strekkjer. Eg som samferdselsminister er oppteken av at me må heve den generelle standarden på riksvegnettet, som mange stader er for dårleg. Difor vil eg i komande Nasjonal transportplan vri midlar over til drift og vedlikehald, noko som har vore sørgjeleg oversett av ei rekkje regjeringar. Frå 2010 skal ansvaret for øvrige riksvegar overførast til fylkeskommunane, og det vil vere fylkeskommunane får ansvaret for Vikafjellsvegen.

Næringslivet sitt transportbehov er eit hjartebarn for meg. Næringsliv – og dermed arbeidsplassar – er naudsynt for at folk i dette landet framleis skal kunne bu der dei helst vil bu. For næringslivet er føreseieleg transport  – det å vite at ferja går, at det ikkje er fare for ras, at vegen ikkje blir stengt – avgjerande. Eg tykkjer Vik er eit særs godt døme på ei jordbruksbygd som har omstilt seg og skapt seg eit godt næringsliv, og der mange bønder har kunne veksla mellom gardsdrift og arbeid i industrien. Vik Verk, no Vik Ørsta As – som produserer noko eg set stor pris på, nemleg vegsikringsutstyr, er kanskje det aller beste dømet på dette. Eg har stor forståing for at Vikafjellsvegen er viktig for næringslivet i Vik – og at det næringslivet ynskjer betre vinterregularitet. Eg veit det er eit stort lokalt engasjement for meir vintersikker forbindelse. Eg er òg kjent med at fleire ulike traseval blir diskutert lokalt.

Riksveg 13 over Vikafjellet bind òg saman to flotte turistbygder, Vik og Voss. Dei to bygdene og folket der har alltid hatt mykje med kvarandre å gjere, også før vegen kom - då sprang visst folk over fjellet på fest. Ferda langs Vikafjellsvegen har også i seg sjølv mykje å by på, ikkje berre vide utsyn og flott Vestlandsnatur, men husflidsutsal, treskjerarverkstad,  gamalostproduksjon. Utbygginga i Myrkdalen har hatt store positive ringverknader, og eg skjønar at det òg i Vik er planar om utbygging av ein hyttelandsby. Det verkar i det heile til å vere mykje virketrong og tiltakslyst i området for tida, og det tykkjer eg er særs gledeleg. I ei historisk stund må me ikkje gløyme all den fine kulturhistoria Vikafjellet har å by på, me kjenner vel alle til budeiene på Vikafjellet. I det daglege er likevel det viktigaste med ein veg at den gjer kvardagen til folk lettare – og det skal Vikafjellsvegen halde fram med å gjere!

Eg vil ynskje dykk alle hjarteleg lukke med dei femti åra – og med femti nye!