Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2011: Nytt løft for samferdsel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Innlegg frå samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa. Innlegget er publisert i mellom anna i Rogalands Avis.

Statsbudsjettet har på ulike måtar mykje å seia for folk sin kvardag. Eg møter på ein spesiell måte forventningane på veg og bane, og er glad for å kunna koma med gode nyhende.

Regjeringa tek i statsbudsjettet for 2011 eit nytt stort løft for veg- og jernbanenettet i landet. Vi satsar særleg på drift og vedlikehald. Å ta vare på den infrastrukturen vi har, er heilt naudsynt for å styrka trafikktryggleiken og betra livskvaliteten til folk flest.

Satsinga på veg og bane er på eit historisk høgt nivå. Forslaget for 2011 er på 29,4 milliardar kroner, ein vekst på 10,6 prosent samanlikna med saldert budsjett for 2010.

Med dette har løyvingane til veg auka med om lag 44 % sidan regjeringa overtok i 2005. Talet for jernbaneverket er på 2,7 mrd kroner – heile 67 %.

Veg: 1,5 mrd meir til drift og vedlikehald
I 2011 blir det eit historisk løft for drift og vedlikehald på vegnettet. Vi har blant anna føreslått 1,55 milliardar kroner til vedlikehald, ein auke på heile 60 prosent! Det gjer at veksten i etterslepet i vedlikehaldet – basert på dagens utrekningsmodellar – blir stansa. Eit konkret resultat: i 2011 kan det leggjast om lag 1000 kilometer nytt vegdekke med asfalt. Regjeringa føreslår å løyva totalt 15,1 milliardar kroner til vegføremål i 2011. Dette er ein auke på 11,2 prosent. Då reknar vi ikkje med ei eingongsløyving i 2010, i samband med overføringa av deler av riksvegnettet til fylkeskommunane. 6,92 milliardar kroner er føreslått som statlege løyvingar til veginvesteringar.

Regjeringa ynskjer oppstart av ei rekkje store prosjekt med kostnadsoverslag på meir enn 100 millionar kroner i 2011: E18 Sydhavna i Oslo, E39 Skjold – Solheim i Rogaland, Riksveg 7 Sokna – Ørgenvika i Buskerud, E6 Oppdal sentrum i Sør-Trøndelag, E105 Storskog – Hesseng i Finnmark.      

Det kan også bli mogleg oppstart av E18 Melleby – Momarken i Østfold og E136 Tresfjordbrua i Møre og Romsdal. For desse prosjekta er tildeling av midlar og oppstart avhengig av at det blir tilslutnad til føreslått bompengeopplegg. Dessutan kan det bli anleggsstart i 2011 på Riksveg 2 Kongsvinger – Slomarka i Hedmark, E18 Gulli – Langåker i Vestfold, E39 Astad – Knutset i Møre og Romsdal, E16 Fønhus – Bagn i Oppland – dersom tilslutnad til bompengeopplegg.         

Regjeringa følgjer opp målet sitt om ein milliard kroner årleg til rassikring i perioden 2010 – 2019. Det er føreslått 1,05 milliardar kroner til rassikring i 2011, ein auke på 23,7 prosent frå 2010. Rassikring reduserer dei ekstra kostnadene som folk og næringsliv har på grunn av ras eller fare for ras. Det viktigaste er likevel at rassikring er med på å hindra at det skjer ulukker, og at uvissa for dei mange som må køyra på rasutsette vegar blir mindre. 

Rekordløyving til jernbanen
Frå regjeringa tok over i 2005 har jernbaneløyvingane fått eit skikkeleg løft. Det løftet held fram også i 2011-budsjettet. Vi føreslår 11,5 milliardar kroner til jernbaneformål for 2011, ein auke på 13,4 prosent frå 2010.

Vi ser det som avgjerande å få togtrafikken meir påliteleg. Difor har vi føreslått 4,9 milliardar kroner til drift og vedlikehald. Dette er ein auke på 12,2 prosent frå 2010. Blant anna er det sett av 557 millionar kroner til Oslo-prosjektet, langsiktige fornyingstiltak i Oslo-området.

4,24 milliardar kroner er føreslått til investeringar, ein auke på 8,9 prosent. Med dette går regjeringa lengre enn det som er lagt til grunn i Nasjonal transportplan 2010-2019. Forslaget inneber blant anna 366,3 millionar kroner til nytt dobbeltspor Oslo – Ski og 310 millionar kroner til nytt dobbeltspor Lysaker-Sandvika. Nytt dobbeltspor Barkåker og Tønsberg (580 millionar kroner), nytt dobbeltspor Holm – Holmestrand – Nykirke: (660 millionar kroner) og Eidsvoll – Hamar (325 millionar kroner) er andre prioriterte strekningar.

I tillegg kjem løyvingar til post og tele, luftfart, miljø- og kollektivtiltak og trafikktryggleik.

Med dette statsbudsjettet tek vi store steg i retning eit tryggare og betre transportsystem for folk i heile landet. Og vi fjernar all tvil om at regjeringa vil følgja opp ein historisk transportplan (NTP 2010-2019) som inneber 100 milliardar meir til veg og bane enn det førre transportplan la opp til.