Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Innlegg på Mobilitetsveka og Bilfri dag 2011

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Innlegg på Mobilitetveka og Bilfri dag 22. september, 2011.

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa
Innlegg på Mobilitetveka: Fagkonferanse, Bilfri dag
22. september, 2011

Målsetjing:

• Målet med Mobilitetsveka 2011 er å motivera til meir miljøvenleg transport og mindre biltrafikk i tett befolka område.
• Folk skal bli  medvitne om kva transportmiddel dei brukar.
• Langsiktig byutvikling er eit anna mål.
• Vi brukar både belønningsordninga og lovverk for å få fleire til å tenkje meir miljøvenleg transport
• Dei siste fem åra er det frå Mobilitetsveka rapportert inn om lag 700 tiltak!
• Blant tiltaka er:
      o tilrettelegging for syklande og gåande
      o betre kollektivtilbod, både infrastruktur og rutetilbod
      o universell utforming av gater og plassar

Innleiing:

• Gratulerer med vel gjennomført  Mobilitetsveke 2011!
• Gratulerer til Statens vegvesen – Transnova, deltakande kommunar og lokale ildsjeler!
• Det er 9. gongen vi markerer mobilitetsveke og bilfri dag  i Noreg.
• I Europa  er det i år 10 års jubileum.
• 18 kommunar deltek i årets arrangement i Noreg. Det er 16 fleire kommunar enn ved oppstart i 2003.
• Dei kommunane som deltek, representerar ein tredjedel av Noregs befolkning, og plasserer seg frå Alta i nord til Mandal i sør.
• Til saman deltek 2000 byar  i Europa.
• Mobilitetsveka er no verdas største arrangement med fokus på miljøvenleg transport.

Bilfritt – for ein dag:

• Bilfri dag er eit tilbod om å ”bruka byen utan bil – for ein dag”. Det er ikkje noko forbod mot å køyra bil. Bilen er komen for å bli.
• Det er to måtar å markera Bilfri dag:
  1. Byen kan leggja til rette for nye opplevingar i byen, utan bil.
Til dømes kan ein testa ut ei planlagt gågate – eller leggja til rette for nye opplevingar i byen, utan bil.
  2. Den enkelte kan ta initiativ!
Kvar enkelt kan prøva  å la bilen stå for ein dag. Kanskje er det på plass eit betre kollektivtilbod, eller ein betre sykkelveg sidan sist du prøvde?
• I Kristiansand, vart det gjennom Bilfri dag testa ut bilfrie gater i sentrum.
• Dette blei seinare innført som ei permanent løysing.
• I starten var det  motstand mot midlertidig stenging av gater for bil i frykt for fallande omsetning, sinte bilister og negativ omtale…
• No ber handelsstanden og lokale politikarar  om at fleire gater blir brukt til bilfri dag!
• Internasjonalt har det vore liknande opplevingar.
• I Brussel  stengde dei tidleg heile sentrum for biltrafikk under Bilfri dag.
• I byrjinga  var motstanden stor, spesielt frå handel og næringsdrivande.
• No er Bilfritt sentrum i Brussel blitt ein årleg tradisjon, dei næringsdrivande meiner det er den beste dagen i året for omsetning.
• San Francisco og New York er andre døme  på at Bilfri dag har gått frå å vera eit årleg arrangement med mykje lokal motstand, til å bli  ei fast ordning  fleire søndagar i sommar halvåret.
• Noregs største Bilfrie dag 2011 – og tidenes største arrangement i Noreg – på denne fronten, vart gjennomført i Stavanger.
• Deler av byen og ein kilometer av E39, var stengd for biltrafikk og fylt med aktivitetar, arrangement, kultur, syklar og rulleskøyter.
• Det var gratis å køyra tog heile dagen.
• Gjennomføringa medførte motstand og undring, men og mykje glede!
• Eit eksempel her i Oslo: Torggata er midlertidig stengt for gjennomkøyring og gir prioritet til gåande og syklande.
• Omlegginga av denne gata blir marknadsført under Bilfri dag i Oslo.
• Karl Johan er i dag stengt for bilar, og gode transportalternativ blir marknadsført gjennom arrangement og stands.
• Mange andre stader blir det  i dag arrangert Bilfri dag-arrangement.
• Dette er difor ein fin dag til å oppleva byen utan bilen – saman med mange andre i inn og utland.
• Eg håpar at  Mobilitetsveka og bilfri dag ikkje berre blir enkeltståande arrangement. Måtte dei hundrevis av lokale initiativ og arrangement  rundt om i landet i dag, markera og inspirera til gode, –langsiktige og miljøvenlege tiltak!.
• Hugs: Meir miljøvennleg transport – gjer helse, miljø og framkome!
• Ha ein strålande bilfri dag!

Til toppen