Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2009

Historisk satsing på samferdsel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Regjeringa foreslår ei historisk satsing med 28 milliardar kroner til samferdselsføremål til tryggare, meir miljøvennleg og effektiv samferdsel i heile landet. Det er ein auke på 3,2 milliardar kroner frå 2008. Statsministeren og samferdselsministeren presenterte budsjettet på Lysaker stasjon tysdag. Sjå video frå presentasjonen her.

Statsbudsjettet 2009: Regjeringa foreslår ei historisk satsing med 28 milliardar kroner til samferdselsføremål til tryggare, meir miljøvennleg og effektiv samferdsel i heile landet. Det er ein auke på 3,2 milliardar kroner frå 2008. Statsminister Jens Stoltenberg og samferdselsminister Liv Signe Navarsete presenterte samferdselsbudsjettet på Lysaker stasjon tysdag.

- Med dette forslaget tek regjeringa eit nytt stort løft for utbygging, drift og vedlikehald av veg- og jernbanenettet i landet. Regjeringa meir enn oppfyller dei økonomiske rammene for Nasjonal transportplan 2006-2009, seier statsminister Jens Stoltenberg.

Løyvingane til Statens vegvesen og Jernbaneverket vil etter fire år liggje om lag 1,9 milliardar kroner over rammene i Stortinget sitt vedtak om transportplanen. Forslaget har sterk vekt på klima- og miljøtiltak og løyvingar som styrkjer kollektivtrafikken. Dei foreslåtte prosjekta og tiltaka gir budsjettet ein god distriktsprofil.

- Rassikring og andre tiltak som fører til tryggare trafikk, er mellom anna dei områda som har fått størst auke i framlegget til statsbudsjett for 2009. Forslaget til budsjett legg elles til rette for at folk og næringsliv i heile landet skal ha eit godt tilbod når det gjeld flyruter, post- og teletenester, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Sjå video med Stoltenberg og Navarsete (flash): 

Video: Cik Media.

Nokre hovudpunkt frå samferdselsbudsjettet:

Vegføremål: Vel 17 milliardar kroner, aukar med 1,6 milliardar kroner

Regjeringa foreslår for 2009 å løyve i alt 17,04 milliardar kroner til vegføremål, medrekna statleg kjøp av riksvegferjetenester. Dette er vel 1,6 milliardar kroner eller 10,4 prosent meir enn saldert budsjett for 2008.

Jernbaneføremål: 8,84 milliardar kroner, investeringar aukar med 850 millionar kroner

For 2009 er det gjort framlegg å løyve i alt 8,84 milliardar kroner til jernbaneføremål. Dette er ein auke på vel 1,3 milliardar kroner eller 17,4 prosent. Med denne auken blir det rom for å gjennomføre vesentlege fornyingar og investeringar i jernbanenettet, i tillegg til ei omfattande satsing på vedlikehald.

Luftfartsføremål: 751 millionar kroner

Samla budsjettforslag for luftfartsføremål er på 751 millionar kroner, ein auke på 5,6 prosent frå 2008.

Tiltak for kollektivtransport: 14,3 milliardar kroner

Til ei rekkje tiltak som har verknad for kollektivtransporten skal det i 2009 nyttast i alt 14,3 milliardar kroner, medrekna 2,2 milliardar kroner i bompengar. Samanlikna med 2008 er dette ein auke på 30,7 prosent.