Historisk arkiv

Nye moglegheiter i nord

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Jens Stoltenberg besøkjer i dag Kirkenes for å markera at delelinjeavtalen med Russland er klar til å tre i kraft. – Dette er ei grense som innleier ein ny æra i samarbeidet vårt med Russland, seier Stoltenberg.

Statsminister Jens Stoltenberg besøkjer i dag Kirkenes for å markera at delelinjeavtalen med Russland er klar til å tre i kraft. – Dette er ei grense som innleier ein ny æra i samarbeidet vårt med Russland, seier Stoltenberg.

Stoltenberg deltek på ei markering av delelinja i Kirkenes i ettermiddag. Der vil han halda ein tale om betydninga av den historiske avtalen med Russland.

Stoltenberg legg vekt på at delelinjeavtalen vil kunna skapa ny næringsverksemd, nye arbeidsplassar og nye samarbeidsmoglegheiter på tvers av grensa.

– Dette er ikkje ein avtale om ei linje som skiljer. Dette er ein avtale som byggjer bru. Ein avtale som dannar grunnlag for eit enda tettare samarbeid i Barentshavet og Polhavet, seier Stoltenberg.

Utanriksminister Jonas Gahr Støre og Russlands utanriksminister Sergej Lavrov utveksla i går ratifikasjonsdokumenta på Akershus slott i Oslo. Med dette er alle steg gjennomført for å gjera avtalen mellom Noreg og Russland bindande. Avtalen vil tre i kraft 30 dagar seinare, 7. juli.

Då løysinga i delelinjeforhandlingane vart offentleggjort 27. april i fjor, sa Stoltenberg: – Løysinga er resultat av eit grundig og omfattande fagleg arbeid forankra i folkeretten, og er eit uttrykk for den vekta kyststatane Noreg og Russland legg på folkeretten. Løysinga framstår som god og balansert og vil tena begge land.

Då det vart oppnådd semje om den maritime avgrensinga mellom Noreg og Russland i Barentshavet og Polhavet i fjor, hadde spørsmålet vore gjenstand for omfattande forhandlingar i 40 år.


Russlands president Dmitrij Medvedjev og statsminister Jens Stoltenberg fotografert på Akershus slott 27. april 2010, då løysinga i delelinjeforhandlingane vart offentleggjort. Foto: Scanpix.